Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad før Todalsdagen

Elinor Bolme Måndag 24. juni 2019
No er det nedteljing til Todalsdagen, og Anders Gjeldnes som held i alle trådar før årets happening kan fortelje om rimeleg god kontroll i dei fleste komiteane.  Banekomiteen har blant anna så god kontroll at dugnaden som var tiltenkt på onsdag ikkje er nødvendig.
 
Men på fredag derimot er det behov for fullt mannskap. Da skal det setjast opp telt, vaskast litt, ordne bord, rigge til i grillområdet, setje ut søppeltønner og heilt sikker noko anna som dukkar opp. -Så da er det behov for alle som kan kome, oppfordrar Anders.
Publisert: 24. juni 2019, 22:18