Dugnadsgjengen fikk arbeidet unna
Det var ein effektiv gjeng som var samla til dugnad på Bordholmen tysdag kveld. Det har vore tradisjon i over 40 år å rydde og fiffe opp anlegget til Todalshelga, som seinare vart Todalsdag som no skal arrangerast førstkomande laurdag. Med eit skikkeleg skippertak får ein gjort mykje på ein kveld som dette, sa Bjørn Hauglann som er stemnegeneral for niande året på rad. Tysdag kveld var det eit førtitals frammøtte, med massevis av utstyr og redskap av ymse slag. Dugnadgjengen vart delt i fleire arbeidslag, der nokre rydda kratt og skog, medan andre dreiv slått eller målinsgarbeid. Og eit par gjengar sette opp nytt solid gjerde rund heile Bordholmen stadion.
Les heile saka