Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Lopper i lange baner…

Lopper i lange baner…

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. juni 2011

Torsdag kveld kom det inn lopper på løypande band til loppemarknaden på Bordholmen. Sjefsloppa sjølv, Borghild Talgø, var på plass og tok i mot dei som hadde lopper å levere. Ho oppfordra alle til å sjå gjennom kjellar og loft, og skuffer og skap etter lopper. Det er innlevering torsdag kveld, fredag kveld og det går også an å levere på laurdag. Dersom du har behov for hjelp er det berre å ringe Borghild Talgø på tlf 908 41 614 eller Jostein Bruset på tlf 416 21 177. Dei tek i mot alt muleg av gangbare lopper. Loppemarknaden startar laurdag kl 11 og er ope heile dagen.

Dugnadsgjengen var også i aksjon torsdag kveld. Da var det innspurt på utgardsgjerdinga og oppsetting av det store restaurantteltet og sekretariatteltet som stor på programmet. På kjøkkenet var dei også i gang med førebuingane til middagsserveringa, samt utplassering av den mobile storgrillen som skal forsyne svoltne cupdeltakarar og publikum med nygrilla kjøtt og fiskerettar.

Først publisert: 30. juni 2011, 19:46 - Sist oppdatert: 1. juli 2011, 13:38