Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dugnadsgjengen fikk arbeidet unna

Dugnadsgjengen fikk arbeidet unna

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. juni 2011

Det var ein effektiv gjeng som var samla til dugnad på Bordholmen tysdag kveld. Det har vore tradisjon i over 40 år å rydde og fiffe opp anlegget til Todalshelga, som seinare vart Todalsdag som no skal arrangerast førstkomande laurdag. Med eit skikkeleg skippertak får ein gjort mykje på ein kveld som dette, sa Bjørn Hauglann som er stemnegeneral for niande året på rad. Tysdag kveld var det eit førtitals frammøtte, med massevis av utstyr og redskap av ymse slag. Dugnadgjengen vart delt i fleire arbeidslag, der nokre rydda kratt og skog, medan andre dreiv slått eller målinsgarbeid. Og eit par gjengar sette opp nytt solid gjerde rund heile Bordholmen stadion.

Først på kvelden var det fint vær og god temperatur, men etter pausen med velfortjent dugnadskaffe vart det dårlegare klima med litt regn innimellom. Men arbeidet gikk unna, og det meste av jobben vart gjort unna før kvelden var omme. Så spørs det bare om værgudane sørgjer for at laurdagens arrangement blir det niande året på rad med godvær på Todalsdagen? Her kan du sjå vêrmeldinga for Todalen på yr.no!

Sjå bildegalleriet frå dugnadsarbeidet på Bordholmen tysdag kveld.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 28. juni 2011, 21:50 - Sist oppdatert: 1. juli 2011, 13:33