Dametrimmen fortsett ute
Dametrimmen har no avslutta innetreninga for sesongen, men har sletts ikkje slutta med trimmen for det!
Torsdag 22.mai blir det tur til Storhaugen, med avgang fra Todalshytta 18.30.
Vi fann 1808 artiklar i dette arkivet.
Dametrimmen har no avslutta innetreninga for sesongen, men har sletts ikkje slutta med trimmen for det!
Torsdag 22.mai blir det tur til Storhaugen, med avgang fra Todalshytta 18.30.
Etter at biltoget var ferdig som første post på programmet, var det klart for ein lang og god frukost på Bordholmen. TILs fotballgruppe hadde invitert sambygdingane til felles frukost, og jammen kan en seie at dei kom! Til saman 174 personar vart traktert med god og solid frukost. Russen som også deltok og var godt synleg i biltoget var invitert på gratis frukost, og det trur vi dei sette pris på.
Grunnlovsfeiringa i Todalen startar med biltog frå Matkroken/HalsOil kl 9.30, og går oppover til Gammelfabrikken, der det blir ein kort pause før toget fortsett nedover bygda og endar opp på Bordholmen, der det er fellesfrukost for heile bygda, fortel Knut Bergli. Han er ledar for TILs fotballgruppe, som er arrangør av frukostarrangementet. Fredag kveld var frukoststaben i fullt arbeid med førebuingane og tilrigginga på Bordholmen. Og frukostkomiteen presiserer at frukosten blir på Bordholmen, i og med at vêret er i ferd med å lette.
Ski- og friidrettsgruppa startar opp med lagseriestevner på Bordholmen igjen førstkommande søndag kl 17. Dei tenkjer i år nytt med at dei flyttar arrangementet til søndag ettermiddag, pluss at dei satser også på litt ny aktivitet i tillegg til dei tradisjonelle friidrettsøvelsane. Blant anna vil dei ta i bruk buldrerommet, trøbilene, sykkel og terrenget rundt Bordholmen.
Langt over 30 personer møtte i går kveld opp på Bordholmen for å delta på eit enkelt førstehjelps- og hjartestartarkurs. Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening som sto som arrangør var overvelda over antall frammøtte. Ikkje minst var det veldig positivt at absolutt alle aldersgrupper var representerte. Hjartestartar Hjartine som tidlegare har vore forvalta av Todalen brannvesen, vart denne kvelden oppmontert i eigen skåp inne i gangen på Bordholmen, og skal auke beredskapen ved alle idrettsarrangement ved fotballanlegget.
Hugs førstehjelps- og hjartestartarkurset på Bordholmen i morgon, onsdag kl 19. Ivar Bolme og Arnt Ivar Brøndbo vil ta for seg enkel førstehjelp og vise bruken av hjartestartaren som no blir stasjonert på Bordholmen.
Også i dei yngsteklassane er det seriestart. G 10 Søya /Todalen har i kveld sin debut på Bordholmen kl 18. Dei skal da møte Surnadal G9, og spenninga brukar stort sett vere spent i slike lokaloppgjør.
I ruskete vær i kveld fredag kom Valsøyfjord på besøk til Banksletta for å spille mot våre beste fotballmenn. Søya/Todalen tok tidlig ledelsen 2-0 og var klart best første halvdel av første omgang. Skåringer av Ola Talgø og Erling Øye. Så slapp S/T gjestene inn i kampen igjen. De skåret et mål og kjørte kampen resten av omgangen.
Seriestarten er også godt i gang i de yngre årsklasser. G12 Søya/Todalen hadde i gårkveld sin seriestart mot eitt av dei tre Surnadalslaga dei har havna i serie med. Det vart ein spennende kamp, både for spelarar og tilskuarar.
Søya/Todalen leda 4-2 til pause, men etter ei iherdig opphenting av Surnadal i 2. omgång vart stillinga 6-6 etter nokre nervepirrande sluttminutt, der Søya/Todalen til slutt fekk inn det siste målet.
Etter at brannmannskapet i Todalen tidlegare i vinter var på todagers kurs og fekk med seg heim ein splitter ny hjartestartar frå Norsk Luftambulanse, vart det plutseleg to hjartestartarar i bygda. Todalen Sanitetsforening starta derfor jobben med å omplassere den som brannmannskapet fram til mars hadde hatt forvaltningsansvaret for.
Lettskya og 13 varmegrader – og bitte liten vindtrekk (1 m/sek) frå sør-vest! Det er vermeldinga for Todalen til 2. pinsedag, da Todalen sokneråd og trimgruppa i Todalen I.L. inviterer til friluftsgudsteneste på Haugligardan. På Haugligardan er det i ferd med å bli grønt, og finare tilhøve for friluftgudsteneste kan ein vel ikkje få?
Kjerringdilten er ein årleg tradisjon ved Skihytta på Ørsalfjellet. I år er føresituasjonen slik at Todalen Idrettslag desverre ser seg nødd til å avlyse arrangementet som skulle gått på langfredag. Det er meldt tildels store nedbørsmengder på torsdag, og det vil bare forverre situasjonen. Hytta er imidlertid bemanna på langfredag, så det kan by seg både kaffe og bakels dersom du tek turen likevel. Knut og Torkjel sørgjer for sol, bakels og kaffe frå kl 12!