Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Norsk Laksefestival 2014

Elinor Bolme Laurdag 31. mai 2014

Norsk laksefestival har no sitt endelege program klart. Det er no den 15. festivalen i rekkja som arrangerast. Dei startar tradisjonelt opp med fagdag og fiksekveld for barn på torsdag, laksekonkurrans fredagskveld og konsertar både fredag og laurdag. Her kan nemnast namn som Staut, Johnny Logan og Swiks og Plumbo.

Også i år stiller Todalen IL med vakthald og billettørar, men etter siste års signal frå bygdafolket, har styret vedteke at det frå i år berre gjekld for ein kveld. Her må idrettslaget ha 20 vakter og 8 billettørar. Karin Halle fortel at dei er godt i gang med rekruteringa, men ikkje alle er på plass. Til no har dei ca 10 vakter og 5 billettørar. Skulle det derfor vere nokon som kunne tenkt seg å stille på dugnadskveld den 20. juni er det bere å ta kontakt med henne. Epost karin.halle@hotmail.com. Nytt av året er at dei som stiller opp denne kvelden, får påspandert skyss tur/retur Skei laurdagskvelden.

Sjå komplett program her, på Norsk Laksefestival si heimeside

 

Publisert: 31. mai 2014, 09:23