Snart juleferie på dametrimmen
Dametrimmen orienterer om at torsdagens trim utgår. Neste trimkveld blir dermed torsdag 4. desember kl 20.00. Siste kveld før jul er 11. desember.
Vi fann 1808 artiklar i dette arkivet.
Dametrimmen orienterer om at torsdagens trim utgår. Neste trimkveld blir dermed torsdag 4. desember kl 20.00. Siste kveld før jul er 11. desember.
Kvar måndagskveld foregår det barneleik i gymsalen i Todalen oppvekstsenter. Da er det full guffe med både gymnastikk og andre krumspring når smårollingane slår seg laus. Sist måndag var det rekordoppmøte, med 24 born og 10 foreldre, fortel Karin Halle som har sendt oss bilder frå aktiviteten.
Vi trefte skrivargjengen for årets julerevy på møterommet på Talgø måndag kveld. Det er ein rutinert og kreativ gjeng som har lang fartstid i bransjen, og mesta før dei var ferdig med fjorårets julerevy er dei no altså komne godt i gang med neste. Oppslaga i media frå «todalsnumra» på årets revykveld med «Hæstlatter» vitnar om at det er kvalitet i alle ledd, og god underhaldning som revymiljøet i Todalen kan by på.
Mandager er det fullr ulle for alle i alle aldrar i gymsalen ved Todalen Skule. Det no sesong for inne-aktivitetar, og Knut Bergli opplyser at det no er fullt program på måndagar. Kl 18-19: Ball-leik ol for dei aller minste 19-20 : Ball-leik ol for dei litt større 20–> Gubbetrim Ved dei to første partia […]
Revygjengen ligg i startgropa for å lage julerevy til 3. juledag. Det er Håvard Halset som inviterer og han fortel at dei treng folk i «alle posisjonar». Det gjelder både skriving, scenemannskap, lyd- og lysmannskap og ikkje minst aktørar eller om du heller vil skodespelarar.
I går var G12 Søya/Todalen på si fotballavslutning etter ein lang og litt trå sesong. Totalt har dei i serie spela 12 kampar og det samme i cupsammanheng denne sesongen. Men desverre har dei slettes ikkje hatt marginane på si side, noko som har resultert i kun ein siger på 24 kampar. Derfor vart trenar og oppmann på eit tidleg stadium enige i at denne gjengen skulle få ei avslutning litt utanom det vanlege denne gongen.
Som lova etter trimbasaren skulle vi komme attende med oversikt over alle turane på dei ulike trimbøkene i Todalen. Heile 3991 turar vart gjort fordelt på dei 9 trimbøkene som er plassert rundt om i bygda. Dette talet kan nok være ein god del høgare, da fleire ikkje nødvendig vis skriv seg inn i trimbøker.
Eit knippe spreke damer i alle aldrar møttes på Bordholmen til idrettsmerketaking på formiddagen i dag. Dette er ein lang tradisjon i Todalen, men interessa har dabba sakte men sikkert ut. Nokre ungdomar stilte også sporty opp for å ta merket, da i klassen barn og ungdom.
Søndag arrangerer idrettslagets trimgruppe basar saman med ski-og friidrettsgruppa. Det skjer i Ungdomshuset, og basaren startar kl 16. Ein av postane på programmet er utdeling av utmerkelsar i samband med aktivitetar i trim- og friidrettsgruppa. Det skjer ca kl 17 og etterpå blir det trekkjing.
Denne veka er Svorka Energi igang med framføring av straum til lysløypa på Tjønnmyran. Arbeidet med å legge jordkabel pågår no frå høgspentmasta/transformatoren mellom Talgø gard og Vestrum, og vil fortsette etter veggrøfta ned mot vegen til Tjønnmyran og vil deretter bli lagt i vegen opp til lysløypeanlegget.
Neste helg, søndag 12. oktober, arrangerer Todalen idrettslag trimbasar. Denne helga starta før3ehandssalet av lodd, og Ingeborg Myrvang var på plass med strikktøy og loddbøker på Matkroken. Ingeborg skrytte av at folk som var innom butikken var flinke til å kjøpe lodd og støtte idrettslagets basar – der inntekta går til trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa på deling.
Laurdag kveld var det tid for medlemsfest for Todalen Idrettslag. Det skjedde på Pakkhuset Kro, der det var duka for årets store skaldyrfest, og mellom 40 og 50 deltakarar gjorde eit skikkeleg innhogg i skaldyrkoldtbordet som verskapet hadde laga i stand.