Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julerevyen: «Romjulsdrønn» på 3. juledag

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. desember 2014

Denne veka starta sceneøvinga for julerevyen «Juledrønn» i Ungdomshuset.  Revyen kjøres 3. juledag, og det er no klart at det blir 2 førestillingar – ei på ettermiddagen kl 16.00, og hovudførestillinga kl 20.00 på kvelden. Billettane er komne i sal på Matkroken L.Hals.

Førestillinga på ettermiddagen blir utan gjesteartistar, men blir slett ikkje nokon lightversjon for det, lovar Håvard Halset i revygruppa. Han fortel at gruppa no er godt i gang med sceneøvinga, og dei har litt av kvart å by på. Dei spelar på eit vidt spekter med mange tema og det blir både song og musikk å høre, – men altså ikkje nokon raud tråd som går att gjennom heile førestillinga.

God mat blir det også – festkomiteen freistar med Mexikansk buffè, og kan by på litt for ein kvar smak – og sjølvsagt blir det salg av forfriskningar til. Etter underhaldninga blir det høve til ein svingom, og Håvard trur dei har eit godt tilbud til publikum.

Tradisjonen med utabygds gjesteartistar fortsett, men kven som kjem er ikkje Håvard villig til å røpe. Men det er kjente størrelsar frå revymiljøet, fortel han, og garanterer for kvaliteten og humoren.

Som sagt har billettsalet starta på Matkroken L. Hals. Billettane til 1. framsyning kostar kr 50, medan billettane til hovudframsyninga om kvelden kostar kr 200.

julerevy2014_PlakatJPG

 

Publisert: 17. desember 2014, 20:41