Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1685 artiklar i dette arkivet.


Parkering Todalsdagen

Elinor Bolme Torsdag 26. juni 2014

Parkering foregår på SIAS vis a vis fotballbanen i Todalen og på baksiden av Talgø Møbelfabrikk.  Fra baksida av Talgø Møbelfabrikk går det ein sti 50 meter til fotballbanen. Vennligst unngå å parkere på ekrene. Velkommen! Hilsen Todalen IL


Dugnad på fleire frontar

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. juni 2014

Tysdag kveld var det slåttadugnad på Bordholmen. Tradisjonelt er det finpuss av anlegget før Todalsdagen, og det «surra» i kantkløpparar frå alle kantar da dugnaden stod på sitt høgste. Inne i klubbhuset var det også arbeid med rigging av kiosken og grillutstyret slik at ein kan utnytte full kapasitet på både produksjon og salg av mat og drikke utover laurdagen, når over 400 spealar med tilhørande støtteapparat og supportere må ha påfyll av energi.


Roleg sankthansfeiring

Elinor Bolme Tysdag 24. juni 2014

Fort og skart vart det organisert tradisjonell sankthansfeiring på Bordholmen i går kveld. Oppmøtet vart nok desverre også deretter, men dei som kom, hadde det sosialt i lag. Terje Nordvik hadde ordna med varm grill, som alle kunne benytte seg av. Ellers var naturlegvis dei populære trøbilane tilgjeneleg for ungane.


536 km på 40 dagar

Elinor Bolme Måndag 23. juni 2014

Todalsungdommane Emil Haugen Ansnes, saman med kjærast Erika Kårvatn Moen og hennar søster Ane tar i morgon fatt på sommarens høgdepunkt; ei kryssning av Norge på tvers. Mor og svigermor Jorid Haugen Ansnes leverte ungdommane no i kveld ved Femundsmarka og første overnatting blir på ein camping i nærheten der.


St. Hansfeiring på Bordholmen – grillparty

Jon Olav Ørsal Måndag 23. juni 2014

Det blir i kveld felles St. Hansfeiring på Bordholmen frå kl 18 og utover kvelden. Vêrgudane held på og kjem i godlage, og lovar betre vër utover ettermiddagen og kvelden, fortel arrangementskomiteen som er Terje Nordvik og Knut Bergli.  Todalen idrettslag stiller med varm grill og publikum tek sjølv med seg grillmat, og trøbiler og […]


Dugnad før Todalsdagen

Elinor Bolme Sundag 22. juni 2014

Tirsdag melder styret i Todalen IL om at det arrangeres dugnad på Bordholmen. Da skal garderobar vaskast, redskapsbod ryddast og graset på heile området klippast. Møt opp klokka 18 med høveleg reiskap!


Skihytta: Terrasse på dugnad

Jon Olav Ørsal Sundag 22. juni 2014

I helga har det vore snekkardugnad på Skihytta. Ny terrasse stod på programmet, og dugnadsgjengen trossa reg- og snøvêr for å få gjort unna snekkararbeidet. Det er Todalen I.L. som eig skihytta og arbeidet har vore planlagt til denne helga. Det var også planlagt beising og målingsarbeid, men det må nok vente til det blir betre vêrtilhøve. Vi har fått e-post og bilder frå Terje Nordvik som er ledar i hyttestyret, og han skriv:


Fekk sving på rockefoten

Elinor Bolme Laurdag 21. juni 2014

Rockebandet Plumbo klårna ikkje himmelen under fredagens fest på Skei under årets Laksefestival. Litt surt og klaldt vêr må det nok seiast at det var, men kunne absolutt ha vore værre. Laksefestivalgeneral Ragna Marie Mauset kunne konstantere rundt 700 innbetalte denne kvelden, da inkludert ein del festivalpass, som betyr at mange har tenkt seg ut på kveldens fest med Johnny Logan og Staut.


Uavgjort for seniorane i lokaloppgjør

Knut Bergli Fredag 20. juni 2014

I disse VM-tider var det torsdag kveld topp-oppgjør mellom Kvass/Ulvungen og våre helter på Søya/Todalen sitt a-lag. Kvass/Ulvungen er seriens beste hjemmelag, så oppgaven var ikke lett for guttene. Allikevel klarte de å ta med seg ett poeng. En meget underholdende og tøff kamp endte med poengdeling.


Buss til Laksesfestivalen i Surnadal

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. juni 2014

Det er sett opp busstransport frå Todalen til Laksefestivalen i Surnadal laurdag kveld. Bussen startar frå Matkroken L.Hals kl 21:00, og returnerer frå Surnadal kulturhus kl 01:30. Bussturen kostar kr 100 kvar veg, og alle som vil være med må bestille plass via SMS til Karin Halle på tlf 416 19 200 innan torsdag kl 18:00. Dei […]


Ting og tang til loppemarknaden neste helg

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. juni 2014

Går du med planer om å rydde kjellar, loft og garasje så passar det godt no! Neste laurdag (28. juni) er det nemleg loppemarknad på Borholmen, som ein del av Todalsdagen 2014. Og da tek vi mot lopper av alle slag, fortel Borghild Talgø som er ledar for loppemarknaden. Når vi skriv lopper av alle slag, så er det unnateke klær! Det er det nemleg Saniteten som tek seg av, med innsamling til Estland kvart år. Men koppar, kar, gamle bøker og andre ting du ikkje brukar lenger tek vi mot, seier Borghild.


Glittertind – billettsalet har starta….

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. juni 2014

Førehandssalet av billettar til Glittertindkonserten er kome i gang på Matkroken L. Hals, fortel stemnegeneral for Todalsdagen Knut Bergli. Han fortel at det har vore stor interesse for konserten, og han reknar med «stinn brakke» når Glittertind dreg i gang konserten i Todalen ungdomshus laurdag 28. juni kl 21.00.