Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

536 km på 40 dagar

Elinor Bolme Måndag 23. juni 2014

Todalsungdommane Emil Haugen Ansnes, saman med kjærast Erika Kårvatn Moen og hennar søster Ane tar i morgon fatt på sommarens høgdepunkt; ei kryssning av Norge på tvers. Mor og svigermor Jorid Haugen Ansnes leverte ungdommane no i kveld ved Femundsmarka og første overnatting blir på ein camping i nærheten der.

I morgen startar den offisielle turen frå Femunden vidare til Stadt som er det endelege målet.  Ein tur på 536 kilometer, som dei har beregna å bruke 40 dagar på. Ungdommane er godt forberedt fortel ho, med både gode avtalar på utstyr hos Kårvatn Fjellutstyr og matforsyningar frå Matkroken Todalen. For all maten dei tre treng på turen har dei naturleg nok ikkje med seg. Her vil det bli ettersendt forsyningar etter kvart som dei forserer terreng. Totalt fire stk:

  • Alvdal måndag 30. juni.
  • Kongsvoll lørdag 5. juli
  • Bjorli søndag 13. juli
  • Volda tirsdag 22. juli

 

Den siste etappen skal etter plana starte 29. juli frå Ervik og cruisast inn til Stadt dagen etter. Vi ønsker ungdommane lykke til på turen, og skal absolutt halde oss oppdatert på turen undervegs frå den nyoppretta bloggen deira «Norge på tvers 2014»

1832989-10-1389392985599-n600

Foto frå bloggen deira undervegs i planlegginga.

 

Publisert: 23. juni 2014, 22:53