Barn i løypa søndag
Ski og friidrettsgruppa i Todalen IL melder om oppstart med Barn i løypa førstkommande søndag mellom 14 og 16. Her blir det høve til å teste både glid og form for deltakarar i alle aldrar.
Lysløypa på Tjønnmyra er oppkjøyrd kvar dag, og kl 18 i går kveld var det fine forhold.