Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pudder – det har aldri vore betre føre!

Jon Olav Ørsal Fredag 12. februar 2016

Rennleiar Nils Ove Bruset har i dag, saman med andre funksjonærar, stukket ut NM-løypa til morgondagens konkurranse. Aldri har det vore finare føre, fortel Bruset, og legg til at det er topp pudderføre heile vegen frå Tydalsnebba og ned Dalalia til Kårvatn.

NilsOveBruset_3441

Rennleiar Nils Ove Bruset har ikkje sett makan til pudderføret i Dalalia i dag. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Bruset fortel at løypetraseen kjem til å gå til den ytre toppen på Tydalsnebba. Det var store skavlar bortover ryggen til toppen, og arrangøren vil ikkje utfordre rasfaren på den siste biten opp mot toppen.

Som sagt er løypetraseen lagt og merka i dag, og da skal alt være klart til starten som går kl 10 for trimklassen og kl 11 for aktive.  De er enno tid for å melde seg på, og det er sågar muleg å melde seg på laurdag morgon dersom du er ute i tide.  Bruset har aldri opplevd betre pudderføre enn det var i dag  – det var ein fryd å renne ned igjen frå toppunktet på Tydalsnebba.

Du finn meir informasjon om randonee og NM på nettsida til Norges skiforbund.

 

 

Publisert: 12. februar 2016, 20:55