Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fine forhold på Tjønnmyra

Dordi Jorunn Halle Måndag 1. februar 2016

Siste søndagen i januar vart ein fin vinterdag med riktig så flotte forhold i lysløypa på Tjønnmyra. Det var nyoppkjørte, fine dårer og godt skiføre. Ski- og friidrettsgruppa arrangerte barn i løypa, og mange tok turen for å kosa seg med ski og akebrett. Arrangøren noterte deltakarar og serverte saft. Og deltakarane var blide og fornøgde.

IMG_7666

Artig med vinter og snø. Einar, Martin og Shan Allan. Foto: Dordi J.H.

IMG_7670

Hallvard på ski i lag med far Gunnar. Foto: Dordi J.H.

IMG_7682

Fredrik tok ein liten pause til ære for fotografen. Foto: Dordi J.H.

Det var ikkje berre spreke ungar som kosa seg med snøen, her var det folk i alle aldrar, frå 2 til 80 år. Det vart både trim og triveleg prat.

IMG_7674

Nicole og Selma synest det er stas med snø og ski. Foto: Dordi J.H.

IMG_7689 – Kopi

Nathalie gjekk på ski før ho tok nokre rundar med akebrettet. Foto: Dordi J.H.

IMG_7690 – Kopi

Trygve Aleksander tek velfortent pause i skigåinga. Foto: Dordi J.H.

Anlegget på Tjønnmyra er flott, det ligg i fint til i terrenget med fin løypetrase. Ikkje minst så er det nypreparerte dårer til ei kvar tid når det er snø. Her har idrettslaget eit skikkeleg flott tilbod for bygdafolket!

IMG_7678

Justyna, Aleksandra, Julia og Radek la også søndagsturen til Tjønnmyra. Foto: Dordi J.H.

 

IMG_7662

Både unge og dei litt eldre syntest at det var kjekt med skiføre. Frå venstre: Selma, Siri, Anders, Trygve og Åshild. Foto: Dordi J.H.

Ståle1

I dag, måndag, var det og skikkeleg godt skiføre, og Ståle ordna med gode spor. Foto: Dordi J.H.

 

 

Publisert: 1. februar 2016, 23:11