Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for skiutfart i fjellet

Elinor Bolme Laurdag 23. januar 2016

I dag har deler av scooterkomiteen i idrettslaget begynt arbeidet med å lage skispor opp frå Øyalia og til skihytta, samt spor frå skihytta over Snekkerdalshalsen til Tristeinane og ned att til Innerdalsmerket. Overraskande nok, var det ikkje så veldig store snømengder på fjellet. Og utpå ettermiddagen vart det også mildare i området med landvind og laussnøen vart tydeleg krammare.

Nytt av året er at scooterkomiteen i Todalen Idrettslag ved ansvarleg Terje Nordvik har fått all løyvekjøring på sørsida av dalen. Her kjem vi nok tilbake med meir info ved eit seinare høve.

Under er eit lite bildegalleri frå siste turen laurdag, opp Øyalia-Skihytta-Snekkerdalshalsen-Øyalia. Ein kombinasjonstur med levering av aggregatdrivstoff til skihytta og sporkjøyring. Alle foto ElinorB

 

Publisert: 23. januar 2016, 23:08