Avisutklipp frå 1975
I eit av albuma med samling av avisutklipp i stua på Sanden på Smøla, var det eit interessant minne for todalingar. Avisutklippet er frå 10. juli 1975 og handlar om fotball.
Vi fann 299 artiklar i dette arkivet.
I eit av albuma med samling av avisutklipp i stua på Sanden på Smøla, var det eit interessant minne for todalingar. Avisutklippet er frå 10. juli 1975 og handlar om fotball.
Årets busstur for historielaga i Todalen og Stangvik gjekk til øyriket Smøla. Smøla kommune består av 6000 store og små øyar! Fastsmøla er største øya, og høgste punktet på øya er Nelvikberget som ragar 63,6 moh! Smøla har 1/3 av kystlina i Møre og Romsdal og er største øya i fylket!
To laurdagar i juni har Turstigruppa i Gamle Stangvik hatt tur og nyopning av stigen som gjekk opp forbi dei gamle gardane i Nessadalen, Haugen og Surndalsneset. Opprinneleg var det fire setrer her, for gardane Flessavik, Flessa, Trodal og Båtvik. I dag er berre murane att av Båtviksetra.
I går informerte Todalen historielag og Todalen Idrettslag om at dei hadde planer om å markere at det 30. september er 100 år sidan Alf Ramsøy vart fødd. I ettertid viser det seg at Skulstuå i Todalen også har planlagt ei slik markering, og at dei har kome lenger i planleggingsarbeidet.
Kultur- og idrettsmannen Alf Ramsøy vart fødd 30. september 1924. Todalen historielag og Todalen Idrettslag vil søndag 29. september markere at det da, omtrent på dagen, er 100 år sidan Alf vart fødd.
Todalen historielag minner om at turen til Smøla nærmar seg, og det no er tid for påmelding. Det er enno nokre ledige plassar, og dette er ein ypparleg sjanse for guida sommartur til Smøla. Det skjer torsdag 4. juli, og det blir ein heildags busstur. – Det er mykje å sjå på Smøla, så det blir fleire stopp, og det blir med profesjonell guide frå Nordmørsmusea som er ansvarleg for omvisinga. Turen blir arrangert i samarbeid med Stangvik historielag – les meir om detaljar, pris og påmelding nedafor…
Siste onsdagen i mai inviterte Svinviks arboret til hagevandring i lunsjtida med Katarina Wedelsbäck som omvisar.
Todalen historielag har den siste tida jobba med planar for den tillyste sommarturen til Smøla. Det skjer torsdag 4. juli, og det blir ein heildags busstur. – Det er mykje å sjå på Smøla, så det blir fleire stopp, og det blir med profesjonell guide frå Nordmørsmusea som er ansvarleg for omvisinga. Turen blir arrangert i samarbeid med Stangvik historielag – les meir om detaljar, pris og påmelding nedafor:
Marit T. Husby (12.2.1853 – 7.8.1955) frå Husbytrøin i Todalen var den første kvinnelege læraren i noverande Surnadal kommune. Ho var vart tilsett som lærar i storkretsen Bele i daverande Åsskard kommune, som frå 1.1.1965 vart ein del av Surnadal kommune. Ho var lærar i Belagrenda, Bæverfjorden, Bæverdalen og av og til i Bøfjorden. Ho var lærar her i 26 år, i perioden 1877 – 1903.
Historielaget heldt årsmøte i Ungdomshuset tysdag 19. mars med godt oppmøte.
Todalen historielag minner om årsmøtet i morgon tysdag 19. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. På sakskartet står vanlege årsmøtesaker.
Todalen historielag inviterte til ettermiddagskaffe søndag 19. februar – avslutningsdagen for VM i skiskyting i Nove Mesto. Leiar i Todalen historielag ønskte vel møtt, og han var overraska over det gode oppmøtet; – det var fullt rundt alle bord!