Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen historielag Arkiv

Vi fann 286 artiklar i dette arkivet.


Busstur til øyriket Smøla

Dordi Jorunn Halle Fredag 5. juli 2024

Årets busstur for historielaga i Todalen og Stangvik gjekk til øyriket Smøla. Smøla kommune består av 6000 store og små øyar! Fastsmøla er største øya, og høgste punktet på øya er Nelvikberget som ragar 63,6 moh! Smøla har 1/3 av kystlina i Møre og Romsdal og er største øya i fylket!


Historisk vandring og nyopning av stigar

Dordi Jorunn Halle Onsdag 3. juli 2024

To laurdagar i juni har Turstigruppa i Gamle Stangvik hatt tur og nyopning av stigen som gjekk opp forbi dei gamle gardane i Nessadalen, Haugen og Surndalsneset. Opprinneleg var det fire setrer her, for gardane Flessavik, Flessa, Trodal og Båtvik. I dag er berre murane att av Båtviksetra.


Avlyser planlagt 100-årsmarkering

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. juni 2024

I går informerte Todalen historielag og Todalen Idrettslag om at dei hadde planer om å markere at det 30. september er 100 år sidan Alf Ramsøy vart fødd. I ettertid viser det seg at Skulstuå i Todalen også har planlagt ei slik markering, og at dei har kome lenger i planleggingsarbeidet. 


Markerer at det er 100 år sidan Alf Ramsøy vart fødd

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 15. juni 2024

Kultur- og idrettsmannen Alf Ramsøy vart fødd 30. september 1924. Todalen historielag og Todalen Idrettslag vil søndag 29. september markere at det da, omtrent på dagen, er 100 år sidan Alf vart fødd. 


Minner om tur til Smøla med historielaget

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juni 2024

Todalen historielag minner om at turen til Smøla nærmar seg, og det no er tid for påmelding.  Det er enno nokre ledige plassar, og dette er ein ypparleg sjanse for guida sommartur til Smøla. Det skjer torsdag 4. juli, og det blir ein heildags busstur. – Det er mykje å sjå på Smøla, så det blir fleire stopp, og det blir med profesjonell guide frå Nordmørsmusea som er ansvarleg for omvisinga.  Turen blir arrangert i samarbeid med Stangvik historielag – les meir om detaljar, pris og påmelding nedafor…



Bli med på busstur til Smøla i sommar?

Jon Olav Ørsal Fredag 3. mai 2024

Todalen historielag har den siste tida jobba med planar for den tillyste sommarturen til Smøla.  Det skjer torsdag 4. juli, og det blir ein heildags busstur. – Det er mykje å sjå på Smøla, så det blir fleire stopp, og det blir med profesjonell guide frå Nordmørsmusea som er ansvarleg for omvisinga.  Turen blir arrangert i samarbeid med Stangvik historielag  – les meir om detaljar, pris og påmelding nedafor:


Marit T. Husby var første kvinnelege lærar i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 14. april 2024

Marit T. Husby (12.2.1853 – 7.8.1955) frå Husbytrøin i Todalen var den første kvinnelege læraren i noverande Surnadal kommune. Ho var vart tilsett som lærar i storkretsen Bele i daverande Åsskard kommune, som frå 1.1.1965 vart ein del av Surnadal kommune. Ho var lærar i Belagrenda, Bæverfjorden, Bæverdalen og av og til i Bøfjorden. Ho var lærar her i 26 år, i perioden 1877 – 1903.



Minner om årsmøtet i morgon tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. mars 2024

Todalen historielag minner om årsmøtet i morgon tysdag 19. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. På sakskartet står vanlege årsmøtesaker.


Vellykka ettermiddagskaffe – mykje folk, god servering og god stemning

Dordi Jorunn Halle Sundag 18. februar 2024

Todalen historielag inviterte til ettermiddagskaffe søndag 19. februar – avslutningsdagen for VM i skiskyting i Nove Mesto. Leiar i Todalen historielag ønskte vel møtt, og han var overraska over det gode oppmøtet; – det var fullt rundt alle bord!


Inviterer til ettermiddagskaffe med «bildequiz» søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. februar 2024

Søndag 18. februar klokka 15:00 inviterer Todalen historielag til ettermiddagskaffe med bildequiz i Todalen ungdomshus. Det blir sal av kaffe og bakels med graut, og det blir «bildequiz», der spørsmåla er henta frå Todalen historielag sitt store og rikhaldige arkiv med bilete.