Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H Arkiv

Vi fann 119 artiklar i dette arkivet.


Laurdag: Start 4H med sal av kornband på Hals

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. desember 2015

Start 4H minner om at dei har stand med sal av kornband utafor Hals-bua.  Det skjer komande laurdag 19. desember frå kl 11.00 til 15.00. Det er og mogeleg å bestilla og få dei bringa på døra. Ta kontakt på tlf 48 000 144.   Start 4H ønskjer velkommen til ein triveleg førjulshandel, og minner oss på om at vi […]


Tok ein pause i julestrida

Jon Olav Ørsal Sundag 13. desember 2015

Søndag ettermiddag var det tid for å ta ein pause i julestrida og treffast til sosialt lag i Todalen ungdomshus. Ragnhild Ansnes Moe kunne ønske nærare hundre sambygdingar velkomen til denne adventkafeen og spesielt velkomen til dei er nye innflyttarar. Dei eldste i barnehagen og skuleungane markerte starten på arrangementet med Luciatog og flott song på Luciadagen.


I dag er det adventskaffe i Ungdomshuset!

Elinor Bolme Torsdag 10. desember 2015

Søndag ønsker Todalen Sanitetsforning, Todalen Historielag, Todalen IL, FAU, PT-utvalget, Skustuas venner og Start 4H til velkomne til adventskaffe i ungdomshuset. Der blir det muligheit for eit pust i førjulsbakken og ikkje minst til å treffe naboar og bygdefolket over ein enkel kopp kaffe.


Adventskaffe også i år

Elinor Bolme Laurdag 5. desember 2015

Også i år ønsker ulike lag og organisasjonar velkomne til adventskaffe i ungdomshuset der det blir muligheit for eit pust i førjulsbakken og ikkje minst til å treffe naboar og bygdefolket over ein enkel kopp kaffe.

Arrangementet er lagt til luciadagen den 13. desember, og i den anledning blir det naturlegvis eit luciatog av dei eldste i barnehagen og alle skuleungane.


Start 4H – feira sesongslutt med haustfest

Jon Olav Ørsal Måndag 2. november 2015

Start 4H feira søndag kveld sesongslutten med haustfest i Todalen oppvekstsenter. Haustfesta er tid for oppsummering og for vise fram kva medlemane har jobba med det siste året, og publikum var søsken, foreldre, besteforeldre og mange andre interesserte som kom for å sjå og høre.


Haustfest i Start 4H

Ragna Kvendset Måndag 26. oktober 2015

Start 4H ynskjer alle velkomne til haustfest i skulen 1.november kl 18.00. Tradisjonen tru vert det utstilling av oppgåver, underhaldning som viser aktiviteten gjennom året og utdeling av merke av representanten frå Møre og Romsdal 4H. Det vert og kaffeslaberas og loddsal.


Dataparty med våkenatt

Elinor Bolme Sundag 17. mai 2015

Fredag kveld var ein gjeng 4H-arar samla i Skulstua på dataparty, også kalla LAN. Flest gutar, men eit par jenter hadde rigga seg til i gammelskulen med alskens datautstyr, headset, spelekonsollar og lystette gardiner. Her skulle seine kveldstimar overvinnast, for ingen hadde planer om å sove nevneverdig.


Medlemsmøte

Elinor Bolme Onsdag 15. april 2015

I kveld byrjar 4H gjengen å røre på seg etter ein lengre vinterferie. Da bli det kl 19 medlemsmøte i Skulstuå. Agenda for kvelden er valg av oppgåver og aktivitetar utover våren.


Start 4H – Runda av med haustfest

Jon Olav Ørsal Måndag 27. oktober 2014

Søndag kveld var det tid for å markere sesong slutt for medlemane i Start 4H. Dette skjedde i gymsalen på Todalen oppvekstsenter med tradisjonell haustfest, der medlemane hadde laga fine utstillingar for å vise fram oppgåva dei har jobbe med det siste året. I tillegg hadde dei laga ei lysbildekavalkade om aktivitetane dei har halde på emd det siste året, og har var det spesielt friluftsarrangementa som vart vist.


Start 4H – søndag er det årsfest

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. oktober 2014

Søndag 26. oktober kl 18.00 er klart for haustfest for Start 4 i Todalen. Haustfesta er sjølve finalen for 4H sine aktivitetar, for da skal alle være ferdige med sine oppgåver, og dei skal stillast ut på haustfesta for å få oppgåva godkjent av dommarane. Det blir nok travelt rundt mange kjøkenbord rundt bøgda dei […]


4H-tur opp Rauåa

Elinor Bolme Onsdag 1. oktober 2014

Søndag inviterer Start 4H til fellestur opp Rauåa. Jon Olav Roaldset er vegvisar oppover lia ovanfor Elvagard og Brubakken. Oppmøte og start av ekspedisjonen skjer ved brua utaom Elvagard klokka 10 søndag 5. oktober.


4H gjer seg klar for haustfest

Elinor Bolme Laurdag 27. september 2014

Onsdag kveld var det medlemsmøte i Start 4H. 7 av 9 medlemer var samla for å planlegge haustens program, der den tradisjonelle haustfesta står sentralt. Dato her vart sett til søndag 26. oktober. Ellers planlegg dei også ein fellestur til Rauåa søndag 5. oktober. Her er vi lova meir informasjon etterkvart.