Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

4H-medlemane møtes jamnleg

Elinor Bolme Tysdag 4. oktober 2016

I går kveld var det høg aktivitet i Skulstua når Start 4H hadde medlemsmøte. Eit knippe unggutar var frammøtt for å planlegge vidare aktiviteter og ikkje minst ha det kjekt i lag. Når todalen.no kom innom var dei i sluttfasen på kveldsmaten som denne gongen var tomatsuppe og brød. Til vanleg har dei møta annakvar søndags kveld.

Start 4H har no 11 medlemmer i alderen 10-14 år, og har Skulstua som fast møtestad. På agendaen framover står oppussing av klubbrom i 2. etasje. Helst utan hjelp frå vaksne meinte dei. Og snart er dei også klare for årets haustfest, og her lovar dei nytenking og mykje friskluft. Dato er ikkje heilt fastsett enno kunne dei fortelje, men mest sannsynleg blir det nok innan første halvdel av november.

img_8654

Til og med mobilfri sone er praktisert. Eit 5-stjernes mobilhotell kunne dei fortelje.

 

img_8658

For å få eit fint hovedbilde måtte eit kompromiss til. I lag med denne gjengen er det ikkje tamt.

Under er eit lite bildearkiv frå tidlegare aktivitetskveldar der produksjon og utsetting av humlehotell sto på plana. Foto Ragna Kvendset.

Først publisert: 4. oktober 2016, 05:08 - Sist oppdatert: 3. oktober 2016, 22:10