Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H – søndag er det årsfest

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. oktober 2014

Søndag 26. oktober kl 18.00 er klart for haustfest for Start 4 i Todalen. Haustfesta er sjølve finalen for 4H sine aktivitetar, for da skal alle være ferdige med sine oppgåver, og dei skal stillast ut på haustfesta for å få oppgåva godkjent av dommarane. Det blir nok travelt rundt mange kjøkenbord rundt bøgda dei siste dagane før siste års arbeid skal være ferdig. Førstkomande søndag kl 18 blir dørene til opna for publikum som kan kome til gymsalen i skulen for å sjå.

Dei mange 4H-arane har hatt mange forskjellige oppgåver å velgje mellom, og vi får nok sjå eit breitt og variert utval når vi kjem på haustfesta. I tillegg til utstillingane er det også traktering, underhaldning, lotteri og sjølvsagt utdeling av merker og plakettar.

Programmet ser slik ut:  (Last ned plakaten)

  • Utstilling av oppgåver
  • Underhaldning
  • Utdeling av merker og diplomar
  • Kaffeslaberas
  • Loddsalg

Alle er velkomne til haustfesta!

4Hhytte_alle_8149

Her er ein del av 4H-gjengen på synfaring til hytta som i år har vore oppgåva til Eivind Bolme som sitt på taket. På balkongen Silje Øyen, Henrik Talgø, Erik Kårvatn, Sindre Bruset og Kristian H. Talgø, og på veg opp stigen er rådgjevar Ragna Kvendset. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 23. oktober 2014, 05:00 - Sist oppdatert: 22. oktober 2014, 23:23