Klare for eit nytt aktivt 4H-år!
I går kveld var det full fres i Skulstuå. Først hadde Start 4H årsmøte, før dei etterpå hadde infomøte til nye medlemmar. Og veldig mange nye hadde teke turen for å sjå om 4H klubben var ein kjekk plass å bli med i. På medlemsmøtet fekk dei nye eit lite innblikk i alt det artige som klubben hadde hatt av aktivitetar i fjor. Her var fleire turar, klubbaktivitetar i Skulstuå og mykje meir.