Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ivrige loddselgjarar for Start 4H på runde

Elinor Bolme Fredag 14. september 2018

I kveldinga fekk du kanskje besøk av ein ivrig gjeng som var ute på skrapeloddsalg? På nordsida av bygda for Maria Bergli, Ylva Gjeldnes, Nora Kårvatn og Lisabet Storslett på sykkel oppover for å selje skrapelodd for Start 4H. Dei kunne fortelje at gutane hadde sørsida, og at dei skulle treffast på Gammelskulen etterpå.

Her skulle dei vere heilt til i morgon, for klubben skulle arrangere LAN i kveld. LAN, eller datatreff på litt betre norsk, er ein samlebetegnelse for ulike typer sammenkomster av datainteressert ungdom. Dei hadde likevel litt tid til å ta eit par bilder for todalen.no og slå av ein prat. Dei lova til og med at dei skulle sende redaksjonen både bilder og litt tekst om korleis kvelden og natta i Gammelskulen utarta seg. For sove skulle dei jo ikkje, sidan ein ikkje gjer det på LAN.

Og var du ikkje heime når dei for, så får du heilt sikkert kjøpe ved ei seinare anledning. Om dei ikkje vart utseld da..

Publisert: 14. september 2018, 18:51