Historielag med tur til Storlidalen
Todalen historielag og Stangvik historielag arrangerer busstur til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni. Det blir eit allsidig program med guiding av lokal kjentmann i Storlidalen og omvisning på Oppdalsmuseet.
Vi fann 95 artiklar i dette arkivet.
Todalen historielag og Stangvik historielag arrangerer busstur til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni. Det blir eit allsidig program med guiding av lokal kjentmann i Storlidalen og omvisning på Oppdalsmuseet.
Det er framleis årsmøtetid, og denne gongen er det Stangvik historielag som kallar inn til årsmøte, og det skjer på Stangvik oppvekstsenter måndag 6. mars kl 18.45, melder styret.
Stangvik historielag er svanger med eit nytt, flott årsskrift med heile 64 sider med lokalhistorie mellom permane. Årsskriftet er allsidig lesnad, og har henta stoff frå mange hendingar og forskjellige fagområde. Her vil nok alle finne noko som er interessant å lese om.
Like sikkert som at det er berre eit par veker til advent, så inviterer Todalen historielag til bokslepp for sitt nye årsskrift komande laurdag kl 14.00. Det nye årsskriftet er nummer 16 i rekkja, og som vanleg er det mykje godt og historisk stoff som blir presentert i det nye årsskriftet, fortel leiar John Moe til Todalen.no.
I fjor haust vart det fotografert hus til ny bygdebok i området Hyllbakkan til Røgrenda. Over helga vil representantar for bygdebokprosjektet fortsette med fotograferingsarbeidet i «gamle Stangvik». Dei startar ved vegenden på Brøskja og arbeider seg i retning Kvanne.
Laurdag den 13. august skal Stangvik Historielag i samarbeid med Årnesgardingane arrangere ny «kulturvandring» på Årnes, med oppmøte ved Grendahuset (gammelskulen) på Årnes kl 11.00. Det er god plass til parkering ved fjøset i Jørristua.
Søndag samla Stangvik historielag 60 deltakarar på setervandring til Søyådalen. Turen starta på Holtasetersiå og gikk innover dalen med første stopp på Gammelsetra for orientering. Vidare innover til Midtsetra og enda til slutt på Holtasetra og Klokkargardssetra, fortel Erling Myrbostad.
Søndag 7. august inviterer Stangvik Historielag til kulturvandring i Søyådalen. Ruta blir som i fjor, og guidar er forfattarane av Søyådalsboka. Dei som vil vere med på vandringa møter opp ved Eidet skule innan klokka 10. Derifrå går turen med bil inn til Gammelseterbrua, der det blir ein kort stopp med orientering.
Veret vart litt «ruskåt» laurdag den 18. juni da Stangvik Historielag skulle arrangere tur til setrene (setertuftene) oppi Ålvundliå – og dette var nok mykje av grunnen til at så få, berre 6 stykkje + guiden Nils T. Ulvund, møtte opp.
Ålvundfjordingane setra og mange andre plassar, bl.a. Røyråhamran, i Todalen og i Søyådalen. Men her oppi Ålvundliå hadde Utistuå og Austistuå Ulvund, og Bønnan hatt setrer attover tida.
Laurdag 18.juni kl 12.30 arrangerer Stangvik Historielag fellestur til Ålvundsetra. Oppmøte ved Ålvundfjord skule klokka 13, med fergjeavgang kl 12.30 for dei som kjem over fjorden melder arrangørane. Deretter blir det start ved lunningsplassen midt i Ålvundbrekka (ved Sverkesli). Ein går så opp lia via Ålvundsetra til Øversetra og nedatt om Bønnasetrene og Ålvundsetra til start.
Stangvik historielag avviklar sitt årsmøte for 2016 tysdag 2. februar. Det skjer på Stangvik oppvekstsenter, og startar kl 19.15. På agendaen står vanlege årsmøtesaker. Elles kan dei by på servering, og så får dei besøk av Sven Olav Svinvik frå Todalen historielag, som kjem for å vise og fortelje om arbeidet med å digitalisere gamle fotografi, melder […]
Ja, det var nettopp tittelen på kåsesiet til Einar Oterholm, da Todalen historielag inviterte sine sambygdingar til «Ettermiddagskaffe» i Ungdomshuset søndag. I sitt kåseri kunne han by på både innføring i korleis augene virkar og korleis dei virkar i lag med hjarnen, litt synstesting, optiske bedrag – vist på lystbilder og som øvelsar som publikum deltom i – og fikk forklart kvifor det var slik.