Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skialpinisme Arkiv

Vi fann 112 artiklar i dette arkivet.


Fleire bilete frå NorgesCupen

Fleire bilete frå NorgesCupen

Jon Olav Ørsal Måndag 17. januar 2011

Vi har fått fleire bilete fra NorgesCupen på Kårvatn. Daniel Kvalvik som er mediaansvarleg i Norsk Skialpinisme har sendt oss fleire fine bilete frå turen han hadde opp til toppen (1040 m). Dei er lagt ut som eit bildegalleri nedafor som du kan klikke deg inn på. Norsk Skialpinisme har også ei fin heimeside som er verdt å ta turen innom. Klikk deg inn på sida her, og sjå alle dei fine bileta fra rennet på Kårvatn.

Les heile saka

NorgesCupen vel i hamn

NorgesCupen vel i hamn

Jon Olav Ørsal Sundag 16. januar 2011

Norgescupen i skialpinisme fortsette søndag med lagkonkurransar. Det var til saman 9 lag som stilte til start, 7 i herre senior og 2 i damer senior. I søndagens konkurranse vart det i starten lagt til handikap i forhold til laurdagens resultat. Det medførte mellom anna at laget til André Jonsson og Björn Gund fekk 17 minutt i tillegg, medan laget til Eirik Haukøy og Felix Breitschäder var uten tillegg, og kunne dermed lede konkurransen frå start til mål.

Les heile saka

Ola Hovdenak var suverèn

Ola Hovdenak var suverèn

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. januar 2011

Ola Hovdenak var suveren under NorgesCupen i den individuell konkurransen på Kårvatn i Todalen laurdag. Nærare 5 minutters forsprang hadde han til André Jonsson og Ola Berger som hadde eit spurtoppgjør inn mot mål, der André Jonsson trekte det lengste strået og slo Ola Berger med eit lite sekund. I dameklassen var det Marit Tveit Bystøl som utklassa resten av dameklassen med over 7 minutters forsprang til Mari Fasting som vart nummer 2. I juniorklassen rådde Erik Haukøy grunnen heilt åleine, og kom inn på 1,57.

Les heile saka

Todalen IL oppfordrer til lokal deltaking

Todalen IL oppfordrer til lokal deltaking

Ole Petter Talgø Onsdag 12. januar 2011

Laurdag og søndag arrangeres det renn i skialpinisme på Kårvatn, og Todalen IL oppfordrar lokale deltakarar til å melde seg på. Det er mogleg å melda seg på både trimklassen og i NorgesCup. Laurdag kveld arrangeres det deltakarmiddag på Todalen Brygge.

Les heile saka

NorgesCup på Kårvatn i januar

NorgesCup på Kårvatn i januar

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. desember 2010

Det blir ny runde med norgescup i skialpinisme på Kårvatn 15. – 16. januar neste år. Todalen Idrettslag fikk fornya tilliten etter det vellukka arrangementet sist vinter og dermed er det klart for ny runde i januar 2011, fortel ledar i Todalen I.L., Nils Ove Bruset. Det er no klart at det blir individuell konkurranse laurdag 15. januar, og fortsett med lagkonkurranse søndag 16. Det kjøres Norgescup begge dagane, og på bakgrunn av resultata frå Kårvatn vil det bli uttak til VM i Italia i februar.

Les heile saka

Skialpinistane kjem att.

Skialpinistane kjem att.

Elinor Bolme Torsdag 23. september 2010

I helga vil Kårvaten nok ein gong bli base for Norsk Skialpinisme sine aktivitetar. Da vil dei ha ei helg med trening og konkurransar seg i mellom. Deltakarane blir noko av den same gjengen som var her i vinter, men det er og meldt om lokal deltagelse, då av Halvor Drøpping. Alt denne gjengen har for seg dreiar seg stort sett om å gjere det mest muleg, på kortast muleg tid. Og det som kanskje kan vera av interesse denne gongen er Nauståfossen rundt, eit skikkeleg tøft terrengløp.

Les heile saka

Video fra helgas Skialpinisme

Video fra helgas Skialpinisme

Ole Petter Talgø Onsdag 3. februar 2010

Her har du rapporter fra helgas renn i Skialpinisme. Det er den svenske siden Skidalpinism.se som har fulgt arrangementet og gir oss disse rapportene.

Les heile saka

Film og bilete fra skirennet på Kårvatn

Film og bilete fra skirennet på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. februar 2010

Frå Daniel Kvalvik har vi fått ein link til heimesida www.friflyt.no der han har lagt ut ein link til fine bilete han tok oppe på fjellet under skialpinismen på Kårvatn i helga. Det er imponerande kvalitet over bileta og Todalen.no anbefaler å ta turen innom!

Les heile saka

Topp forhold på Kårvatn

Topp forhold på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. januar 2010

Det var topp forhold for Skialpinisme i Dalalia på Kårvatn under rennet laurdag. Både Ola Hovdenak som vann rennet og Ola Berger som vart nr 3 hadde aldri kjørt løp under så fine forhold og dei skamrosa Todalen idrettslag som arrangør.
Det var tilsaman 34 deltakarar som stilte til start i dette krevande løpet, som hadde start på Bekkøya ved Kårvatn og som gjekk opp til toppen på Tydalsnebba (1274 m.o.h).

Les heile saka

Klart til start på Kårvatn….

Klart til start på Kårvatn….

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. januar 2010

Det er klart til start på NM/Nordisk i skialpinisme på Kårvatn i helga. På driva.no er det lagt ut informasjon om rennet som startar kl 11.00 i dag med fellesstart. Gudmund Kårvatn oppmodar publikum til å kome og sjå.

Les heile saka

Hektisk førebuing på Kårvatn….

Hektisk førebuing på Kårvatn….

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. januar 2010

Staben som skal arrangere NM og Skandinavisk Cup i skialpinisme i helga jobbar på spreng for å få opplegg og utstyr i orden. Det er knappe to veker sia Todalen I.L. og Kårvatn fekk førespurnad om å ta arrangementet. Det går brå seier Gudmund Kårvatn som har ein ivrig og dyktig funksjonærstab med seg i arbeidet.

Les heile saka

Skandinavisk og NM på Kårvatn neste helg

Skandinavisk og NM på Kårvatn neste helg

Jon Olav Ørsal Fredag 22. januar 2010

Opprinnelig skulle Skandinavisk i singel og NM lag arrangeres i Oppdal 30.-31.januar, men med snømangel på Oppdal velger Norsk skialpinisme å flytte arrangementet til Kårvatn i Todalen i et tett samarbeid med Todalen Idrettslag.

Les heile saka