Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9103 artiklar i dette arkivet.


Todalsfjordprosjektet – tilbake til start, men denne gongen for å bli realisert

Redaksjonen, Todalen.no Laurdag 1. april 2023

Allereie i 1938, altså for 85 år sidan, kom dei første planene om å bygge ein ferjefri veg mellom Todalen og Drøppingstranda, som den gongen låg i Stangvik kommune. Etter dette har det vore mange forslag til ferjefritt samband, siste i så måte er planene om flytebru frå Kvanne til Rykkjem. Tysdag sist veke var kommunestyremedlem Ragnar Halle og talsperson for Todalsøra Terje Nordvik kalla inn til møte med Vegvesenet i Møre og Romsdal, der dei møtte vegsjefen og utbyggingssjefen i Vegvesenet. 


Priviligert påskevandring

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mars 2023

Vi som fekk vera med på den gjennomarbeidde og gripande song- og musikkstunda ved påskevandring i Stangvikkyrkja onsdag før den stille veka, har mykje å takka for. Vi fekk ei god førebuing til påskehøgtida ved koret Prosjekt 17 som no har mange fine soliststemmer, både mannlege og kvinnelege. Med sitt krevjande og utsøkte repertoar førte dei oss rett inn  i påskebodskapen, både gjennom deler av Handels «Messias» og Mendelssohns arie frå oratoriet «Elias» og Elgars «Ave verum corpus», og ikkje minst gjennom Jesu sju ord på korset, tekster sammensatt frå alle evangelia og solosong med stilisert tablå ved kormedlemer og fleire.


Saniteten inviterte til beredskapssamarbeid

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mars 2023

Sanitetskvinnene har ein over hundre år lang tradisjon for å arbeide med beredskaps-  og  helsearbeid – no oppfordrar dei lag og organisasjonar og lokale firma til å bli med på å planlegge og sette i system dette arbeidet. Første samling for å kome i gang var torsdag kveld i Sanitetshuset. Maren Ansnes som er leiar i […]


Vi som lagar maten – fokus på sjølvforsyning

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. mars 2023

Jammen kom det ikkje eit par lam litt i forkant av lammingstida – det var nok eit bekkerlam som lura seg frampå, og det skjedde nok heilt på tampen av beitesesongen smiler Ola og løftar opp ein av dei to nykomlingane.  Ola er glad i dyr, og gler seg til lammingssesongen kjem i gang for fullt om eit par veker.  Med eit trettitals lamsauer blir det nok liv i leiren etter kvart. 


Årsmøte i Todalen.no – eit år på det jamne

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. mars 2023

Onsdag kveld var det årsmøte i Todalen.no.  Med grei økonomi og eit lite overskudd på knappe 40 tusen vart både regskap og årsmelding fort unnagjort.  Etter pandemien er Todalen.no attende til «normal drift», der nettsida har hatt omtren 455.ooo besøkande i løpet av 2022 – det er tal som har gått oppover heile tida, men ser kanskje ut til å nå ei metning etter kvart. 95% av besøkande kjem frå Noreg, medan USA, Sverige og Tyskland står for flest besøk frå utlandet.


Påskekos og matservering på Todalshytta i påska

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. mars 2023

Todalshytta åpner opp for matservering og påskekos i påskehelga.  Da byr hytta på både god mat og drikke, samt trivelige stunder både i restaranten og i peisestua etter maten.  Bla videre som finner du både åpningstider og påskemenyen i vår restaurant.


Årsmøte i Todalen historielag – stor takk til Wenche!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 28. mars 2023

Wenche Kvendset har vore med i styret til Todalen historielag sidan starten i 2002. Ho har vore skrivar og vore med i skriftstyret i alle år. På årsmøtet i Ungdomshuset 28. mars fekk ho stor og velfortent takk for innsatsen frå leiar John Moe.


Kløvertur i sol og godver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 27. mars 2023

Siste måndagen i mars vart det endeleg kløvertur i sol og godver! Riktig så godt! Men skarp og kald luft! Så den vesle nysnøen som kom sist natt, tina ikkje bort anna enn på asfalten.


Lærte å pode frukttre i arboretet

Jon Olav Ørsal Måndag 27. mars 2023

Søndag var det podekurs i Svinviks arboret – 13 deltakarar fra regionnen stilte opp for å lære seg å pode frukttre.  Det var både epletre, plommetre og kirsebærtre til rådighet, og mange av de som deltok på kurset fikk med seg et par ferdigpoda fruktre heim etter kurset. 


Gudsteneste med utdeling action-biblar til 5.-klassingane

Jon Olav Ørsal Sundag 26. mars 2023

Søndag var det gudsteneste i Todalen kyrkje  – eit førtital kyrkjegjengarar hadde funne vegen til kyrkja, der Torbjørn Brøske var liturg.  Brøske er framleis vikarprest og Bernt Bøe trakterte piano og orgel, også han er vikar for organisten. Tema for dagen preken var Maria budskapsdag, og Torbjørn heldt ei interessant og god preken. 


Siste kløverturen før påske

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. mars 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 27. mars. Oppmøte ved Matkroken/Hals og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Ola hivar seg inn i næringspolitikken

Jon Olav Ørsal Sundag 26. mars 2023

Ola Kvendset har gått inn i næringspolitikken – eller rettere sagt Bonde- og Småbrukarlaget, både lokalt og på fylkesplan.  På siste årsmøte vart Ola valgt som leder i Surnadal og Rindal Bonde og Småbrukarlag, og nå  sist vart han valgt som nestleder i Møre og Romsdal Bonde og Småbrukarlag.  Vi har fått en pressemelding fra fylkeslaget, der Stein Brubek er leder, som vi har lagt ut nedenfor.