Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjapp ryddedugnad på morgonkvisten

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. juni 2023

Onsdag morgon var det ein kjapp «aksjon skogrydding» på kyrkjegarden.  I regi av soknerådet vart to bjørktre tekne ned og fjerna ved hjelp av gravemaskin, motorsag og traktor.  

Jobben vart utført i regi av soknerådet og Gjeldnes Maskin – frå ventre Kristian Gjeldnes, John Moe og Arne Gjeldnes. Foto Jon Olav Ørsal

Den eine bjørka som stod framfor kyrkja var livlaus, og fjerna av den grunn, og den andre stod mellom kyrkja og uthuset, og stod i vegen for den nye minnelunden som skal etablerast der.  Kristian Gjeldnes og John Moe representerte soknerådet og Arne Gjeldnes representerte Gjeldnes Maskin – og aksjonen var unnagjort og ferdigrydda i løpet av ein liten time.  

Publisert: 7. juni 2023, 08:11