Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kva skjer med Øyabrua?

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. juni 2023

I dag var representantar frå Surnadal Senterparti på synfaring for å sjå på Øyabrua, og slå av ein prat med folk som brukar brua, for å kunne danne seg eit bilete av kva som kan gjerast med brua. Øyabrua har vore stengt for køyretøy over to tonn og med breidde på meir enn litt over to meter sidan november 2017. På synfaringa fekk politikarane høyre kva dei næringsdrivande meiner om situasjonen og kva brua betyr for det sosiale livet i bygda, sidan mange brukar brua til og frå arrangement i Todalen ungdomshus.

Ståle Ansnes frå Todalen Mjølk, og drivar i Austistova, Jan Bruset understreka at dei får lengre køyrelengd som følgje av at dei må nytte Hallset bru eller Brusetbrua, noko som betyr auka tidsbruk, og ikkje minst er lite miljøvennleg. Men båe innsåg at å håpe på ei ny fullverdig bru til femten millionar neppe vil kome, men dei meinte det var viktig for båe å understreke at  bygda i alle fall treng gangbru til erstatning for dagens Øyabru. 

Skal Øyabrua rivast? Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Leiar i Todalen bøgdalag, Svein Håvard Brøndbo var samd med Ansnes og Bruset. Han fortalte at brua blir mykje nytta i samband med arrangement i Todalen ungdomshus. Men som Ansnes og Bruset såg han det heller ikkje realistisk å håpe på ei ny fullverdig bru. Men ei gangbru var også viktig som eit minimum etter Todalen bøgdalag sitt syn understreka han.  

Ordførarkandidat for Surnadal Senterparti, Hugo Pedersen forstod problemstillinga, men både han, varaordførarkandidat Silje Beate G. Holten og Lars Inge Kvande, trudde ikkje det var mogleg å få fleirtal for ei ny fullverdig bru til erstatning for Øyabrua. Dei kunne derimot love å arbeide for ei gangbru etter modell frå til dømes Rennebu-Bjelken eller andre egna løysingar. Så da får vi sjå kva som blir det endelege resultatet for framtida til Øyabrua, og ikkje minst at prosessen går fortare enn for Todalsfjordprosjektet!

Publisert: 7. juni 2023, 16:23