Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9206 artiklar i dette arkivet.


Spiseforstyrring kan ramme alle – i alle aldrar

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. november 2023

Torsdag kveld samla Todalen sanitetsforening sine medlemar og andre til helseforedrag i ungdomshuset.  Det var Kari Løvendahl Mogstad  som innleia om det alvorlege temaet og ga oss eit innblikk i kva denne sjukdomen står for.


Lunningsplass og ny avkjøring i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. november 2023

På Nylevollen utafor Bjørås er det anlagt nytt steinbrudd i haust. Det er Per Gjeldnes Maskin som har prosjektet og som i haust har arbeidd med uttak av stein. Kristen Bruset, som er grunneigar, fortel at det er bygging av ny lunningsplass og ny avkjøring for skogsbilveg som er på gang


Telefon og breiband «på lufta» igjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. november 2023

Skaden på strumforsyninga til basen på Talgøsetra/Reiret var meir omfattande enn ein først trudde.  Men i 14.30-tida meldte Svorka at breibandsbasen og Telia mobil igjen er operative frå basestasjonane på Talgøsetra – etter at skaden er midlertidig reparert.


Er du utan breiband i dag – oppdatert

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. november 2023

Dersom du har breibandleveranse frå Svorka sin base på Talgøsetra/Reiret, så har du sikkert litt problem med kontakten dit.  Det har sin naturlige forklaring i tilfelle, for Solli Skog og tømmerdrifta ved Talgø Gard er den direkte årsaka. 


Fine forhold for skogsdrift no

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. november 2023

På flat mark er det nok rundt 50 cm tele no, og det er nok perfekte forhold for å drive med skogsdrift.  Solli Skog er i full gang med skogsdrift for Talgø Gard, der Anita Talgø er grunneigar. 


Tekniske problem på rute 1061 Kvanne – Rykkjem

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. november 2023

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  På grunn av teknisk feil var turen fra Kvanne kl 06:00 innstilt.  Frå kl 6.15 er det imidlertid normal drift igjen  på sambandet, melder Fjord1


Kløvertur i nydeleg vinterver

Dordi Jorunn Halle Tysdag 28. november 2023

Siste kløverturen i 2023 gjekk i Toåa tursti i nydeleg vinterver; – minus ti grader, skyfri himmel og snødekt mark.


Fintenkjarkveld med nogo attåt i Myrvang

Jon Olav Ørsal Måndag 27. november 2023

Tysdag 5. desember kl. 19 inviterar Stangvik Historielag til fintenkjarkveld i Myrvang. Her skal den ferske boka til Lars Steinar Ansnes, «Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen», presenterast. I tillegg blir det ein del anna triveleg program.


Det er enno tid for å kjøpe julekalendere – og til å levere gevinstar

Jon Olav Ørsal Måndag 27. november 2023

Torsdag 30. november er det «deadline» både for å kjøpe julekalendere og for å være med og bidra med lokale og kortreiste gevinstar til årets julekalender.  På biletet på framsida kan du sjå eksempel på gevinstar som alt er komne inn til Trimgruppa, og det er klart at det blir trekt fleire gevinstar kvar dag.



Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. november 2023

Kløvertursesongen blir avslutta med tur i Toåa tursti måndag 27. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Årets siste Fredrikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. november 2023

Siste laurdagen i november var det siste Fredrikkekaffeen i 2023 i Sanitetshuset.