Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets siste Fredrikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. november 2023

Siste laurdagen i november var det siste Fredrikkekaffeen i 2023 i Sanitetshuset.

Det var godt oppmøte. Jorunn Husby og May-Elisabeth Holten var vertinner, og dei serverte riktige gode kaker til kaffien.

Dei fleste var svært så flittige med bundingen; – det er snart jul og da vil heimestrikk vere gode julegåver. Men det kan vere litt komplisert med innvikla mønster og samtidig halde praten i gang. Litt feilretting med oppattrekking vart registrert.

Helen Saksen og Arndis Søyset er ansvarlege for Fredrikkekaffeen i Sanitetsforeninga, og dei skal ha stor ros for å drifte dette sosiale og gode tilbodet. I alt har det vore arrangert Fredrikkekaffe ti laurdagsettermiddagar i 2023.

Konsentrerte og flittige handarbeidsjenter. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Triveleg å treffast til prat og kaffelag. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Publisert: 26. november 2023, 00:08