Hjortfesta vel i hamn
Laurdag kveld inviterte Todalen idrettslag sine sambygdinger til hjortfest i Ungdomshuset. Det var jaktlaget på sørsida av bygda som var vertskap, og eit lite hundretalls todalingar deltok på årets «jaktbankett». Vertskapet hadde sørga for ekte og velsmakande hjortegryte, og bydde i tillegg på underhaldning i form av song og musikk og ein konkurranse mellom jaktlaga i bygda. I tillegg var det utdeling av heidersprisen «Den gyldne Patron» som denne gongen vart tildelt redaktørkollegiet i Todalen.no
Les heile saka