Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Søya cup, og anna nyttig info.

Søya cup, og anna nyttig info.

Elinor Bolme Tysdag 8. mars 2011

Frå fotballgruppa i IL Søya har vi fått melding om at dato for den årlege Søya Cupen no er fastsett. Den landa i år på laurdag 20. august.

Ellers er det forespørel om nokon har fotballdrakter til yngre spelarar liggjande, da dei etter oppteling har ein del i manko. Så sitt på nokre du ikkje treng, blir dei glad for å få dei attende, då dei ikkje har planlagt noko nyinnkjøp før til neste år.

Dei melder og om rekruttdommarkurs i regi av Nordmøre og Romsdal fotballkrets/Surnadal IL på Syltøran Stadion søndag 27. mars. Her ønskjer dei seg påmeldte heilt ned til 13 år, og det heile er gratis.

Gå inn på ILSøya sine nettsider for å lesa meir om alle sakene. Ei side som er veldig levande og full av informasjon i stort sett alle idrettsgreiner som idrettslaget driv med. Og sidan Todalen IL samarbeider med dei på alle nivå , er dette ei grei side å halde seg oppdatert på.

Publisert: 8. mars 2011, 19:11