Fiskelykke i fjorden
Vi har fått en trivelig mail fra tyske Felix Schwarte som organiserer fisketurer til Todalsfjorden. Han rapporterer at fisket så langt har vært bra i år, med torsk og lysing på opp mot 6 kilogram.
Les heile sakaVi fann 8962 artiklar i dette arkivet.
Vi har fått en trivelig mail fra tyske Felix Schwarte som organiserer fisketurer til Todalsfjorden. Han rapporterer at fisket så langt har vært bra i år, med torsk og lysing på opp mot 6 kilogram.
Les heile sakaMåndag kveld var det dugnad på kyrkjegarden, og med Terje Nordvik som hovedbas gjekk det som på skinner. Lista hans var lang, men sidan rundt 30 personar møtte opp gjekk det jaggu unna. Heile kyrkjegarden vart raka, inngangspartiet kosta, svokk ifylt, kyrkjemur oppretta for å nemne noko.
Les heile sakaJon Bruset har vore ute på tur igjen. Denne gongen til Halsetfjellet, og han har sendt oss eit bilde med utsikt mot Kvennsetdalen og Lauvådalen. Nederst til venstre på bildet ser vi anleggsvegen og rørgata opp til inntaket til Råssåfoss Kraftverk. Men veit du kva alle fjelltoppane heiter? Vi kjem med svar på dette om […]
17. mai nærmar seg, og årets program er klart. Mange av postane er nok kjent frå tidlegare, med biltog, felles frokost og sosialt samvær på skulen. Det er tog både frå skulen til kyrkja, og tilbake igjen. Det blir óg korps, og det er lokale musikarar som har bestemt seg for å spele for å få musikk til toget.
Les heile sakaDet har nerast vore sjokkvarme nokre dagar, og frå vêrstasjonen på Småhjellå melder Jon Bruset at det er berre ein maidag som slår gårdagens maksimumstemperatur dei siste 20 åra. Måndag noterte Jon i overkant av 26 varmegrader i skuggen, medan ein maidag i 2004 var over 27 grader. Varmen i kombinasjon med litt fønvind sette fart i snøsmeltinga, og det vart stor vassføring i elvane utover dagen.
Les heile sakaFellesfjøset (Todalen samdrift) har motteke 20-årsplakett for levering av elitemjølk. Dette er ei utmerking frå Tine for levering av mjølk av beste kvalitet gjennom mange år. Fellesfjøset har motteke dei høgste utmerkingane for godt fjøsstell og god mjølkeproduksjon. 20-årsplaketten vart overrekt under Tine sitt regionmøte i Stjørdal 30. mars. Frode Grønmyr og Ståle Ansnes var til stades for å motta plaketten, medan Kristen Ørsal var heime og hadde ansvaret for gardsdrifta. Fellesfjøset har tidlegare motteke Sølvtina, som er den høgste utmerkinga for levering av elitemjølk. Dei har også motteke Røktarprisen i Surnadal.
Les heile sakaVi vil gratulere Gjermund Moe som vinnar av månadens bilete for april. Varmegradene har begynt å krype oppover, og mange lengter nok etter sommerstemningen som biletet formidlar.
Les heile sakaI dag er det sesongpremiere i arboretet. Kl 12 opnar porten for publikum, og sjølvsagt kafeteriaen der Toril Redalen kan servere ein godbilt til kaffeen. Det har vore travle dagar den siste tida, og staben har jobba på spreng for å få alt kalrt til opninga, fortel Dordi Kjersti Mogstad. Todalen.no tek turen til arboretet for laurdag for å ta pulsen på opninga!
Les heile sakaPå Nordvik har det lenge vært arrangert sykkeltrim kvar søndag kveld, og no startar Todalen Idrettslag opp sykkeltrim også i Todalen. Det er trimgruppa i Todalen IL som er ansvarlege for dette, og håpar mange møter opp for å vera med. Den vil foregå annakvar veke framover, med ein pause i fellesferien.
Les heile sakaSom mange kanskje fekk med seg i dag, så var ein del ungar i Start 4H i aksjon med å selgja skrapelodd for klubben på ettermiddagen. For å få opp møtivasjonen og oppmøtet littegrann, vart det også freista med grilling i Gapahuken etterpå både for store og små. Etter ein stor times innsats på salgsbiten, fauk dei fleste ned i Gunnøya for sosialt samvær. Her vart det både grilling, steinkasting og bading, for den som ikkje var så nøye på temperaturen..
Les heile sakaLitt agurknytt fra Kvanne, der eit tidlegare inngått veddemål skulle avgjerast i høgtidleg atmosfære på Øye stadion i dag. Guttene Knut Haugen og Tor Helge Aas hadde visstnok tidligere vorer litt sleivkjefta mot nokre felles venniner og utfordra dei i 2x500m stafett. Resultatet kan du sjå på IL Søya sine nettsider. Gå til http://idrett.speaker.no/organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=1155517&CatId=36910 for ei […]
Les heile sakaLaurdag tok vi ein avstikkar til Halsa. På Halsanaustan arrangerte dei «Grendadag», der dei hadde samla lokale undehaldningskrefter på ferjekaia. I tillegg hadde lokale bedrifter, lag og organisasjonar laga utstillingar for å vise kva dei held på med. Et veldig flott arrangement, der folk kunne treffast og slå av ein prat, både med kvarandre og med dei som bemanna utstillingane. Slik fekk dei vist til lokalbefolkninga og andre kva dei driv på med.
Les heile saka