Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kort til besvær…

Kort til besvær…

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. september 2011

Dei siste dagane har det vore problem med å betale for fylling av drivstoff på sjølve kortpumpa på HalsOil. Terje Nordvik fortel at det må skiftast noko utstyr på kortlesaren på pumpa, og at det vil ta nokre dagar før det er i orden igjen. Derfor må du fylle på vanleg måte og betala drivstoffet inne i butikken på ICA Todalen. Og der kan du gjerne betala med kort. Terje håpar at dette ikkje fører til nokon store ulemper for nokon at ein må fylle i opningstida. Butikken er open frå 09-18 (16) på kvardagar og har kioskope fra 16-18 på søndagar.

Publisert: 6. september 2011, 19:20