Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fleire valg

Fleire valg

Elinor Bolme Sundag 11. september 2011

I morgon er det som kjendt kommune- og fylkestingvalg. Dette foregår på biblioteket ved Todalen skule mellom 12 og 21. Her har vel dei fleste husstandar fått tilsendt både lister og anna informasjon som krevst.

Attåt er det kyrkjevalg; og her er det både sokneråd i Todalen og bispedømmeråd i Møre og Romsdal som skal veljast. Også  her har vi fått tilsendt informasjon til kvar einskild som har røysterett, der alle som er medlem av Den norske kyrkja har røysterett frå det året dei fyller 15 år. Dette valget foregår i Gammelskulen, i enden der Halsesamlinga tidlegare var. Lista over dei som står på soknerådsvalg finn du her: Kandidatar til Todalen sokneråd 2011.

Som om ikkje dette var nok, så skal det også gjerast valg på nytt PT-utvalg i Todalen. Det skal veljast fem faste og to varamedlemmer. Det sittande PT-utvalet har laga ei liste med forslag på 14 namn der sju skal kryssast av. Det er og mogleg å skrive eigne kandidatar på lista. Kandidatane blir offentleggjort i valglokalet i morgon; i vesterenden av Gammelskulen.

Todalen.no oppmodar alle dei ulike valgkomiteane å sende inn resultata til red@todalen.no fortløpande til orientering. Så då er det bere å ønskje GODT VALG!

Publisert: 11. september 2011, 11:00