Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
God jakt!

God jakt!

Jon Olav Ørsal Fredag 9. september 2011

10. september er ein magisk dato for dei som driv jakt i Todalen. Da startar nemleg småviltjakta for dei som jaktar rype, storfugl og orrfugl, samt at det er startdato for hjort og elgjakt. Det er nok mange som puslar med pakking av ryggsekk og pussing av våpen for klargjering til jakta og jakttur saman med gode jaktkameratar. Når det gjeld småviltjakta er det nok særleg lirype og fjellrype det blir jakta på, og her rapporteres det om meir rype i fjellet i år en i fjor.

Ramma for jakttida er bestemt av Direktoratet for naturforvaltning, men det kan være lokale avvik i enkelte soner eller jaktvald, dersom grunneigarane har lagt begrensning i jakta av ein eller anna grunn. Dei generelle jakttidene for nokre av dei mest vanlege viltslaga er slik i Surnadal kommune i år:

Hjort og elg:  10.9. – 15.11
Rådyr: 25.9. – 23.12.
Fjellrype og Lirype:  10.9. – 29.02.
Orrfugl og Storfugl: 10.9. – 23.12.
Hare: 10.9. – 29.02.
Alt vilt er fredet 24.12. – 31.12.

For Todalen (Hjellnes til og med Kårvatn) er det for 2011 tildelt slike fellingskvotar:

Elg: 6 dyr.

Hjort: 57 dyr.

Rådyr: Kvotefri rådyrjakt.

For hele Surnadal kommune er det for 2011 tildelt slike fellingskvoter:

Elg: 101 dyr.

Hjort: 663 dyr.

Rådyr: 107 dyr i tillegg er det kvotefrijakt rådyrjakt på alle vald over 10000 dekar.

For å gå på jakt kreves det at du har betalt jegeravgift til Jegerregistret. Skal du berre jakte småvilt kostar den kr 300, men dersom du også skal jakte storvilt kostar den kr 380. I tillegg må du kjøpe jaktkort for den sona eller den eigedomen du skal jakte på. Dette kjøpes hos grunneigar eller grunneigarlaget som disponerer jaktretten på eigedommen. Når du kjøper jaktkort får du også informasjon om kva slags vilt du kan jakte på. For storviltjakt har den lokale viltnemnda gjort tildeling av ein samlakvote til valda i Todalen og dei andre områda i kommunen, som igjen foretek tildeling til dei enkelte jaktvald.

Frå Tore Gjul har vi fått tilsendt info som alle valdansvarlege har fått. Dette kan du sjå HER. 

Her kan du sjå vermelding for dei neraste dagane og langtidsvarslet for Todalen på yr.no.

God jakt!

Publisert: 9. september 2011, 10:00