Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9008 artiklar i dette arkivet.


Prøveskyting før hjortfesta

Prøveskyting før hjortfesta

Elinor Bolme Måndag 14. januar 2013

Årets hjortfestkomite er snart klare for å be inn til Hjortfesta 2012. Laurdag brakar det laus med utdeling av «Den gyldne patron», servering av viltmat (?) og nytt av året; kåring av årets jaktlag med jaktsimulator. Her skal dei fire jaktlaga i bygda møtast til dyst i presisjonsskyting med bruk av skytesimulator. I den anledning opnar arrangørane dørene til Todalen Ungdomshus onsdag 16. januar kl 18 og utover for prøveskyting. – Dei andre jaktlaga skal i allefall ikkje få skulde på at dei ikkje har fått prøve før dei tapar, seier Lars Sæther i Kvendset jaktlag til todalen.no. Så da er det berre å møte for dei aktuelle jegarane på Halle/Husby, Bruset/Øya/Halset, Talgøy/Kårvatn og Kvendset jaktlag for å ta en runde med prøveskyting.

Les heile saka

Fine forhold på Bordholmen

Fine forhold på Bordholmen

Elinor Bolme Måndag 14. januar 2013

Skøyteisne på Bordholmen er flittig bruka på helg. Den er i topp stand etter den lengre kuldeperioden vi er inne i, og idrettslaget har no kjøpt inn litt meir køller og puckar. Ikkje så alt for mange var der i går søndag, men ein real ishockeykamp vart det fordi. På kveldstid er det muligheiter for […]

Les heile saka

Elevane inviterte på «Ti-kaffe»

Elevane inviterte på «Ti-kaffe»

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. januar 2013

Sist fredag arrangerte vi ved skulen i Todalen Ti-kaffe. Elevane hadde invitert familie og andre interesserte til kaffelag. Det kom riktig mange gjester, og det vart ei riktig triveleg føremiddagsstund. Elevane hadde øvd inn program – litt nytt, og noko var reprise frå førjulskvelden. Aktørane på scena var entusiastiske, og gjestene i salen kosa seg med det dei såg og høyrde!

Les heile saka

NM Randonee – Ola Hovdenak vart meister

NM Randonee – Ola Hovdenak vart meister

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. januar 2013

Ola Hovdenak let ikkje sjansen ga frå seg under laurdagens Randonee-NM i Strengen. Før start var han skeptisk til om jule-influensaen var ute av kroppen, men med førsteplass og sluttid på 1.18.12 kan det ikkje være mange influensavirus igjen i kroppen. I dameklassen vart det Malene Haukøy som vart Noregsmeister på tida 1.12..23, men beste tid hadde Emilie Forsberg frå Sverige. I klassen menn junior var det Eirik Haukøy som toppa, på tida 1.14.38 og til i klassen jenter 15-16 år gikk sigeren til søstera Andrine Haukøy.

Les heile saka

Nye jobbar i nytt senter

Nye jobbar i nytt senter

Jon Olav Ørsal Fredag 11. januar 2013

I fredagsavisa til Driva er søker Talgø-selskapa Byggmakker og Hageland etter nye medarbeidarar. Saman med den nye avdelinga for Flisekompaniet i Byggmakker, vil dei ha behov for fleire nye medarbeidarar til butikk, flisavdeling og til hagesentret. Det nye senteret vil tilsaman få ei salsflate på rundt 6000 m2, der Byggmakker, Flisekompaniet og Hageland blir å finne.

Les heile saka

Laurdag: Klart for randonee-NM!

Laurdag: Klart for randonee-NM!

Jon Olav Ørsal Fredag 11. januar 2013

Laurdag kl 11 går startskotet for randonee-NM ved Strengen med Todalen Idrettslag som arrangør. Det var egentleg duka for stor NM-helg på Kårvatn, men snømangel sette ein effektiv stoppar for det. I Strengen-området er det meir snø slik at NM-konkurransen kan avviklast, medan resten av rennøvelsane går ut. Rennledar Nils Ove Bruset fortel at det er fine forhold i Strengen, og det blir nok kamp om medaljene.

Les heile saka

IL Søya årets Fair play klubb!

IL Søya årets Fair play klubb!

Elinor Bolme Torsdag 10. januar 2013

NFF har sammen med Nordmøre og Romsdal fotballkrets kåret IL Søya til årets FAIR PLAY-klubb for 2012, skriv Erik Hals på kretsens eigne nettsider i dag. Begrunnelsen er basert på klubbens deltakelse i kvalitetsklubbprosjektet i 2012. Dette har gjort klubben meir bevisst på det med fairplay og alt som det fører med seg.

Les heile saka

Legevaktordninga oppe til debatt

Legevaktordninga oppe til debatt

Elinor Bolme Onsdag 9. januar 2013

Todalen Sanitetsforening starta i går kveld opp att med nok eit aktivt sanitetsår. På årets første medlemsmøte fekk dei attpå til storfint besøk frå Surnadal kommune, representert av assisterande rådmann og kommunalsjef Gunnhild Eidsli og leiar i Helse- og Omsorgsutvalet og varaordførar Lilly Gunn Nyheim. Bakgrunnen for dette besøket var at Todalen Sanitetsforening før jul sendte formannskapet i kommunen ein uttale vedrørande gjennomgangen av den nye legevaktordninga som skal opp til vurdering i formannskapet no på februar.

Les heile saka

Problema løyst for denne gongen

Problema løyst for denne gongen

Elinor Bolme Tysdag 8. januar 2013

Da skal telefonforbindelsen for de i som har vore utan, no vere retta igjen. Det viste seg at det var eit fuktproblem i ein transmisjonskabel som var årsaka her i Todalen. El-Tel arbeider med å bytte ut deler av strekket nå. Men underveis har dei no funne ut at kablane må gravas djupere ned for […]


Stem på månadens bilete for desember

Stem på månadens bilete for desember

Ole Petter Talgø Tysdag 8. januar 2013

Sjølv om vinteren fortsetter nokre månader til er sola allereie på vet opp at. Ein mørk desembermånad har ikkje vore til hinder for dei flittige fotografane som sender inn bilete til oss, og no skal vi kåre månadens bilete for desember. Dette blir siste avstemning før vi går i gang med avstemning av den gjeve tittelen årets bilete for 2012!

Les heile saka

Netcom slit med dekninga i området

Netcom slit med dekninga i området

Elinor Bolme Måndag 7. januar 2013

Fleire har i løpet av kveldinga meldt om utfall av Netcomnettet i bygda. Todalen.no tok ein kjapp telefon til Netcom sin kundeservice, og den hyggelege dama kunne bekrefte at dette var tilfelle. Området det gjaldt var forholdsvis stort, heilt opp til Orkanger og Kyrksæterøra. Noko konkret rettetid kunne ho ikkje gi, abonnentane må desverre berre smøre seg med tolmodigheit…denne gongen også. Men dama på kundeservice oppfordra til å ringje om det skulle vedvare lenge.

Les heile saka

NM ved Strengen

NM ved Strengen

Elinor Bolme Måndag 7. januar 2013

Da har vi fått klarskap i det forestående NM i randonè som har hatt en del usikkerhet angående gjennomføringen på grunn av mye våt nedbør. Sæterlia var først i helga eit alternativ, men etter befaring der har arrangørane valgt å flytte det til Strengen/Røen området, med ett renn på lørdag.

Les heile saka