Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kald mars – men no kjem mildvêret!

Kald mars – men no kjem mildvêret!

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. april 2013

Mars månad har vore ualminneleg kald. Sjølv om det har vore varmegrader på dagtid, så er det berre 3 døgn det ikkje er registrert kuldegrader på den uoffisielle vêrstasjon på Småhjellan, melder Jon Bruset.  Heile 9 netter er det registrer lågare temperatur enn minus 10, der natt til 13. mars var kaldast med -13,5 grader. Det varmaste døgnet i mars var den 18. mars, med pluss 6,7 grader.

Temperaturane i mars i år vil ikkje bli markert med nokon rekord. Sidan Jon starta målingane er det nok mars i 2002 som har kulderekorden, med 14 døgn der temperaturen kom lågare enn minus 10. Men mars 2013 kjem på andreplass i denne perioden.

Men no er det nok slutt på kulda, for vêrmeldinga på yr.no lovar høgare temperaturar både om natta og på dagtid. Det blir nok kuldegrader dei to første nettene, men sia blir det temperaturar mellom 2-3 plussgrader og kanskje opp mot 12-13 varmegrader i neste veke. Det meldes og litt regn, men sjølv om det er ustabil vindretning i neste veke kan vi nok rekne med at vi får ein del sørleg vindretning.  Lagtidvarselet på yr.no finn du her.

Først publisert: 10. april 2013, 21:21 - Sist oppdatert: 11. april 2013, 06:54