Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9138 artiklar i dette arkivet.


Bli medlem du óg!

Elinor Bolme Fredag 14. mars 2014

Mange har i desse dagar fått post frå todalen.no. No er tida inne for å fornye sitt personlege medlemskap hos oss. Dei allereie 120 medlemmene har no fått faktura. Skulle det vere andre som føler for å bidra er dei hjertelg velkomne til det. For ein hundrelapp støttar du opp om nettstaden som no snart har vore i drift i 5 år.


Nokre problem med sida denne veka

Ole Petter Talgø Fredag 14. mars 2014

Dei mest oppmerksame såg ganskje at innhaldet på forsida var noko ustabilt dei fyrste dagane av veka. Dette var forårsaka av at databaseserveren som Todalen.no gjekk ned på måndag kveld, og den blei gjenoppretta litt for langt tilbake i tid. Vi ba om å få den siste versjonen oppretta slik at sakene frå måndag blei […]


Songkveld med korsong – og årsmøte

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. mars 2014

Todalen sokneråd ønskjer alle velkomen til songkveld med årsmøte onsdag 26. mars kl 19.30. Da vil Todalskoret og Åsskard kyrkjekor synge frå Den nye norske salmeboka. Etterpå er det årsmøte, og sjølvsagt kyrkjekaffe.


Hjelm og visir redda livet…

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. mars 2014

Bruk av fullt verneutstyr var nok avgjørende  da en vedhoggar i Todalen skadet seg stygt ved bruk av motorsag onsdag i kveldinga.  Ambulansetjenesten var raskt på pletten, men med skader i ansiktet og stort blodtap var det nødvendig med hjelp av helikoptertransport på veg til sjukehuset. Vedkomande vart operert ved ankomst til sjukehuset og tilstander er no […]


Norskkurs på kveldstid

Elinor Bolme Onsdag 12. mars 2014

Kvar mondag og onsdag er det arrangert norskkurs ved Todalen Skule. Dette etter initiativ frå Folkeakademiet i Surnadal, da det har vore stor etterspørsel blandt ganske mange framandspråklege innbyggjarar i Todalen. Olaug Roaldset er undervisningsansvarleg og tilsett som lærar av Folkeakademiet. Ho er for tida busett i Trondheim og pendlar til Todalen for å undervise tre timar to kveldar i veka.


Ikkje dametrim dei to første torsdagane

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. mars 2014

Turid Hals Sæther melder at dametrimmen går ut både førstkomande og neste torsdag. Det blir torsdag 13. mars, og neste torsdag 20. mars, slik at neste trimkveld for damene blir 27. mars kl 20.00


Opphevar forbod mot bålbrenning

Jon Olav Ørsal Måndag 10. mars 2014

Forbodet mot open eld og bålbrenning er oppheva i dag. Det er kanskje ikkje nokon nyheitbombe, da det har regna såpass at det ikkje lenger er nokon brannfare. Brannsjefane på Nordmøre oppfordar folk til å være forsiktige, da det kan være lokale variasjonar i nedbørsmengden.


Stangvikfestivalen 2014 i rute

Elinor Bolme Måndag 10. mars 2014

Fra arrangørene av Stangvikfestivalen meldes det at årets festival er godt i rute. Fisken er fiska, filetert og tilberedt til dei beste fiskeburgarar ein kan tenkje seg. Stangvikfestivalen er ein klassisk kammermusikkfestival, der stikkorda  er kvalitet, intimitet og stor spennvidde, som inneheld alt frå klassisk moderne musikk til fotballturnering. Dugndasgjenegen var første helga i mars […]


Søndagssjakk i Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Sundag 9. mars 2014

Søndags kveld var det ny sosial kveld med sjakk i Kaffekroken på butikken. Eit titals sjakkinteresserte møttes på kveldstid for å friske opp kunskapane med nokre omgangar på sjakkbrettet. Det er såpass interesse for dette at sjakkgjengen med Terje Nordvik og Trygve Halle vil prøve å å arrangere sjakktreff annakvar søndagskveld ei stund framover.


Må vente til måndag på snøen…

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. mars 2014

Vi må nok vente til måndag før vi får noko vesentlig nedbør, men da blir det heile dagen vest- og nordvestleg vindretning og litt nedbør frå morgonen av. Først som regn og sludd, som går over til snø. Frå ettermiddagen vil det bli meir og vil vare fram til tysdag morgon. Vidare meldes det om opphald, før det blir regn igjen mot helga, skal vi tru vêrmeldinga på yr.no.


Nytt: Historielaget på film og Facebook

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mars 2014

På årsmøtet til Todalen historielag var det premiere for videofilmen Todalsfjorden minutt for minutt. Filmopptaka vart gjort i byrjinga av september 2013, på ein av dei siste turane som ferja Førdefjord gjorde mellom Todalen og Kvanne. Det var daverande ledar i Todalen historielag, Maren Ansnes, som hadde ideen til filmen og Svein åge Saksen som gjorde filmopptaka. No er DVD’n på marknaden med eit redigert opptak på rundt 30 minutt.


Tørke i Storfossen – regn eller snø til natta?

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mars 2014

I Storfossen ved Talgø utstillingssenter er det på det næraste tørke no om dagen. Vanlegvis er fossen full av is på denne årstida, sjølv om det normalt ikkje er så stor vassføring. I dag kl 10.00 passerte det 522 liter i sekundet. Ovafor fossen står nemleg NVEs målestasjon, der det blir gjort målingar kvar 15. minutt. I februar var det enda mindre vassføring ein periode.