På vegkanten like ved Brusetbrua var det eit nytt tilbud til vegfarande laurdag ettermiddag. Silje og Karoline hadde rigga seg til med vaffelsalg i vegkanten. Nystekte vafler er populært, og da vi kom var det helt på tampen vaffelrøra. Vaffelrøra hadde dei laga sjølv, og så var det servering med syltetøy.
På spørsmål om opningstider så var det litt usikkerhet, så det blir nok ope når det passar seg eller når været er fint til å ha vaffelbutikk under open himmel. Kanskje vi skal ha ope i heile sommar, sa dei to blide vaffelselgarane. Opningstilbudet var iallfall 10 kr for ei heil plåte med syltøy på, marknadsført med ein fin plakat på bordkanten.