Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No må du passe på farten!

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. april 2014

Er du for ivrig med «gassfoten» kan det for bli dyrt for deg. No er den første fotoboksen på plass i Surnadal, og den vil nok halde eit auge med trafikkantane både på veg utover og  innover mot Todalen…..

Fotoboksen vart montert på tampen av gårdagen, og er alt komen i funksjon etter som vi forstår. Dette er ein fotoboks av den nye typen, der du knappast ser ein liten blink når blitsen går. Den er nemleg utstyrt med infrarød blits, og det er derfor vanskelegare å oppdage om den er i drift eller ei.

Vi har fått opplyst at det er ein såkalla tosidig fotoboks, som vil halde kontroll med trafikken (og farten) begge vegane.  I tillegg har vi forstått at det også skal monterast ein fotoboks på Nordvik, og bruken vil nok etter kvart veksle mellom dei to fotoboksane.

At det no blir satsa på trafikkontroll via fotoboksar er nok stikk i strid med intensjonane til den nye blå blå regjeringa, og vi blir ikkje forundra om den snart blir fjerna igjen, jfr bomstasjonen på E39 i Batnfjorden som knappast vart årsgammel.

 

 

Først publisert: 1. april 2014, 03:00 - Sist oppdatert: 2. april 2014, 10:10