Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalshytta: – Førebur ny sesong med nytt vertskap…

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. mars 2014

På Todalshytta er det stor aktivitet i helga. Ein habil dugnadsgjeng er i full jobb med å rydde unna litt skog frå hytta, slik at det blir både bedre utsikt og innsikt. Fleire motorsager har gått i heile dag, og etter kvart vil ein nok Todalshytta «dukke fram» frå skogen. Det er også premiere for nytt vertskap i år…

Dugnadssjefen Eirik Gudmundsen hadde moblisert mannskap for å rydde skog rundt hytta, slik at det atter skal blir utsikt utover bygda frå plassen framfor hytta. Det har etterkvart vorte mange store tre, som no blir kappa opp til ved for bruk på hytta.

Eric&Helene2_Todalshytta_9815

Vi vart også presentert for det nye vertskapet på Todalshytta. Kristiansund og Nordmøre turistforening har underteikna kontrakt for drift av Todalshytta i 5 år framover, fortel Eirik Gudmundsen. Det er Helene Ness og Eric Malling som no tek over drifta etter at Åse Grydeland Øyen takka av etter fjorårets sesong. Dei to kjem frå Kongsvinger/Oslo-traktene, og gler seg no på å kome igang på Todalshytta.

Dei to vil kombinere drifta av Todalshytta med anna verksemd som dei vil fortsette med når dei ikkje er på Todalshytta. Helene er fotograf, og vil fortsette med fotografering der landskap/natur og protrett/bryllup/konfirmantfotografering er fagområde. Eric driv versemd knytta til musikk og kulturlivet, der forlagsverksemd, plateproduksjon og festivalarrangement er innafor fagområdet.  Elles sett dei stor pris på naturen, og sjølivet, og Eric har store forventningar til laksefisket i Toåa. Akkurat på det området trur vi han kan finne mykje kompetanse mellom gjestande laksefiskarar på Todalshytta.

Dei reknar med sesongopning i pinsehelga, som er andre helga på juni. Før det har dei har planer om ein «bli kjent-kveld» for bygdefolket, som er planlagt til helga før. Elles har dei mange idear for ny drifta på Todalshytta, samtidig som dei vil ta vare på og vidareføre det som er bra frå tidlegare. Den faste balldagen vil bli vidareført, med Åse som gjestekokk til å traktere grytene i første omgang. Men dei vil og skape sine eigne tradisjonar og aktivitetar. Mellom anna vil det bli fleire konsertar i løpet av sommaren, og Helene vil lage fotoutstilling for å vise noko av sine produksjonar. Håpet er at Todalshytta kan bli eit samlingsstad for både bygdefolket og andre som ønsker ein matbit, ein kaffekopp eller eit glas øl, avsluttar helene og Eric. Vi i Todalen.no ønskjer dei velkomene som medlemar, og ønskjer lykke til med drifta.

bildergalleri frå dagens besøk på Todalshytta – alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. mars 2014, 20:03