Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9138 artiklar i dette arkivet.


Strømutkopling torsdag kveld/natt

Elinor Bolme Tysdag 24. juni 2014

På grunn av nødvendig arbeid på linjenettet, blir det strømutkobling torsdag 26.juni fra kl 22.00 til fredag morgen 27.juni kl 07.00 på følgende strekninger: Ranes, Kvendbø, Østbødalen, Stangvik, Torvik, Todalen og Kårvatn. Svorka beklager dette og håper det ikkje fører til alt for stor ulempe for dei berørte.


St. Hansfeiring på Bordholmen – grillparty

Jon Olav Ørsal Måndag 23. juni 2014

Det blir i kveld felles St. Hansfeiring på Bordholmen frå kl 18 og utover kvelden. Vêrgudane held på og kjem i godlage, og lovar betre vër utover ettermiddagen og kvelden, fortel arrangementskomiteen som er Terje Nordvik og Knut Bergli.  Todalen idrettslag stiller med varm grill og publikum tek sjølv med seg grillmat, og trøbiler og […]


Toåa var flaumstor…

Jon Olav Ørsal Sundag 22. juni 2014

Ein kombinasjon av mykje nedbør og smelting av nysnø i fjella førte til stor vassføring i Toåa søndag morgon og utover føremiddagen. Vassføringa på målestasjonen ved Storfossen var på topp i 6.30-tida, med 55,7 m3/sek, men har sia går jamnt nedover.


Skihytta: Terrasse på dugnad

Jon Olav Ørsal Sundag 22. juni 2014

I helga har det vore snekkardugnad på Skihytta. Ny terrasse stod på programmet, og dugnadsgjengen trossa reg- og snøvêr for å få gjort unna snekkararbeidet. Det er Todalen I.L. som eig skihytta og arbeidet har vore planlagt til denne helga. Det var også planlagt beising og målingsarbeid, men det må nok vente til det blir betre vêrtilhøve. Vi har fått e-post og bilder frå Terje Nordvik som er ledar i hyttestyret, og han skriv:


Sommarsolsnu – det går mot vinter igjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. juni 2014

Laurdag kl 12.51 «snudde» sola, og dermed går det sakte med sikkert mot ein ny vinter. Forhåpentleg vis tek det ei god stund enda før vi får føling med vinteren, sjølv om det har kome snø ned til rundt 600 meter dei siste dagane. Men komande natt er nok den kortaste denne somaren, og etter kvart blir nok natta lenger og dagane kortare igjen.


Laksefestivalen i full gang…

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. juni 2014

Torsdag starta Norsk Laksefestival 2014, med fagdag om vilkårsrevisjonen for Surnavassdraget. Det var nok ein viktig dag for å belyse framtida for både Surna og andre elvar i området. Det dårlege laksefisket har nok ei samansett problemstilling. Det rammar ikkje berre laksefiskarane, men også Laksefestivalen, turistnæring og næringlivet elles. Laksefestivalen når nok høgdepunktet i dag, laurdag, med rikhaldig program både på dagtid og på kveldstid.


Laks på kroken….

Jon Olav Ørsal Fredag 20. juni 2014

Torsdag ettermiddag nappa det skikkeleg på kroken til Ivar Borthen. Han stod med markstonga i Engjavadhølen, litt nedafor hengjebrua da storlaksen hogg på. Da den kom på vekta, slo den ut på rundt 8,5 kg og er dermed årets første storlaks som er komen på land. Det er no fin vassføring i Toåa, og det har utover veka kome fleire laksefiskarar som har etablert seg i elva. Vassføringa dei siste dagane har vore heilt oppe på 23 m3/sek, men etter som regnvêret har dabba av er elva no på sakte retur og i skrivande stund er det 17 m3/sek og riktig fin fiskarelv.


Skyteprøver – måndag er det start

Jon Olav Ørsal Fredag 20. juni 2014

Måndag 23. juni startar Søya og Todalen skyttarlag sesongen med skyteprøver på lagets anlegg i Ranheimsvingen på Kvanne, melder styret. Det er sett opp 9 måndagar utover sommaren og hausten til skyteprøve og oppskyting til storviltjakta. Alle kveldar er det skyting frå kl 18.00 til kl 20.00


Klar for nye utfordringar

Elinor Bolme Torsdag 19. juni 2014

I går kveld var det avslutning også ved Stangvik Oppvekstsenter. Heile 15 elevar takka for seg etter 7 år i lag, no klare for nye utfordringar ved Sursnadal Ungdomsskule til hausten. 3 av desse vart med frå Todalen Oppvekstsenter etter at dei to skulane var samanslegne sist skuleår.


På «blåtur» til Todalen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. juni 2014

Onsdag kveld samla Surnadal Husflidslag eit 30-tals medlemar til «blåtur». Berre nokre få visste kvar reisemålet var, men det bar etter kvart til Todalen med heile gjengen. Og oppover bygda bar det til Talgø utstillingssenter, der det var omvisning og orientering. Etter ein runde både inne i møbelutstillinga og ute i parkanlegget på utstillingsentret, gikk turen vidare til Todalshytta.


No kan du få alt på eitt brett!

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. juni 2014

Eller i alle fall ganske mykje: Surnadal Folkebibliotek lånar no ut e-bøker som du kan lese på ditt nettbrett, lesebrett eller mobiltelefon. Dermed overlever du også sommaren – sjølv om filialen i Todalen er sommarstengt. Finn fram lånenummeret og pin-koden din og last ned appen eBokBib, og så er det berre å «dra» deg gjennom samlinga av e-bøker og velje den du vil ha, skriv Steinar Hasselø på Surnadal Folkebibliotek i ein e-post til Todalen.no


Buss til Laksesfestivalen i Surnadal

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. juni 2014

Det er sett opp busstransport frå Todalen til Laksefestivalen i Surnadal laurdag kveld. Bussen startar frå Matkroken L.Hals kl 21:00, og returnerer frå Surnadal kulturhus kl 01:30. Bussturen kostar kr 100 kvar veg, og alle som vil være med må bestille plass via SMS til Karin Halle på tlf 416 19 200 innan torsdag kl 18:00. Dei […]