Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ordnar utsikt frå Todalshytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. juli 2014

I nærarer 30 graders varme var to mann med verneutstyr og motorsag i full gang med å opne for utsikt fra Todalshytta. Jan Bruset Nordvik var i full gang med lauvskogen i bakken framfor hytta. Lars Polden senior bruka lift for å kviste opp dei store furutrea som står på kanten framfor hytta. No blir det opna slik at ein får nyte den fine utsikten utover bygda igjen.

LarsPolden_4363

Lars Polden bruka lift i jobben med å kviste opp furutrea frampå kanten framfor hytta. Foto: Jon Olav Ørsal

JanNordvikBruset_4365

Godt og varm for Jan Nordvik Bruset som jobba i bakken framfor Todalshytta. Foto: Jon Olav Ørsal

– Vi som kjem frå Austlandet og bor midt i skauen hele året,  vil ha utsikt utover bygda og til dei fine fjella når vi er her. No har vi engasjert Jan til å rydde i lauvskogen i skråningen nedafor hytta, seier Eric Malling som er vertskap på Todalshytta saman med Helene Ness.

Det har vore ein uttruleg gjenvekst i skråninga frå Todalshytta og nedover skråninga mot vegen og elva på vestsida av hytta, og ryddearbeidet vil nok pågå utover soommaren og hausten. Alt no kan ein sjå resultat av ryddinga, etter kvart som arbeidet går framover. Det ville kanskje gjort seg å rydda litt innpå Skeiet også, slik at ein kunne sjå Todalshytta frå vegen når ein kjører innover Skeiet.

DSC_4368

Det skal bli godt å sjå bygda og fjella for oss som til vanleg bor midt i Skauen på Austlandet, seier Eric Malling. Foto. Jon Olav Ørsal 

Elles var førebuingane i full gang til  pizzakveld  på Todalshytta. Kvar onsdagskveld frå kl 18 og utover serveres det pizza, og litt VM-fotball blir det også utover den varme sommarkvelden.

Publisert: 9. juli 2014, 18:56