Halsadagen 2015 – Viste fram bygda si….
I og rundt Halsahallen på Vågland vart Halsadagen arrangert. Her var det variert program gjennom heile dagen, og lag og organisasjon, næringslivet og sågar privatpersonar nytta høvet til å vise fram kva dei driv med og bydde fram sine produkt til publikum. Vi stakk innom ein tur på tampen av dagen for å sjå kva som bydde seg, og var imponert over det som vart vist fram.