Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fire in the hole – med papiromn på programmet …

Jon Olav Ørsal Måndag 16. november 2015

Prosjektveka «Fire in the hole» med Siri Skjerve og Toril Redalen som vertskap er i full gang. Det første omnprosjektet var ein teglsteinsomn som vart bygd og brent fyrt opp søndag. Første delprosjekt var vellukka, og produkta er komne ut av omnen. Måndag var det prosjekt papiromn som stod på programmet. Det er kanskje ein av dei mest primitive former for keramikkomn og er bygd med eit brennkammer i stein og vidare kyllingnetting og papir dynka i leire rundt nettingen.

Det vart lagt på papir/leire i fleire lag og pipe i papir som skal lede varmen opp gjennom omnen. Her vart kunstobjekta som skulle brennast lagt inn i omnen først, med sagflis rundt. Så vart omnen bygd rundt de objekta som skulle brennast – og så var det berre å fylle opp kammeret under med finkloven ved og sette på fyr. Her må det nok fyllast på med ved utover kvelden og knaskje natta før det heile skal kome opp i ein temperatur på rundt 900 grader.  Utpå formiddagen tysdag er det klart for utpakking og da får vi sjå resultatet.

Heile prosjektet er ein del av Norske Kunshandverkarar sitt 40 årsjubileum og går i regi av Møre og Romsdal kunstsenter – som også har støtta prosjektet økonomisk.

Nokre bildeglimt frå dagens bygging av papiromn.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 16. november 2015, 22:05 - Sist oppdatert: 17. november 2015, 00:54