Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flyktningar og framtidshåp

Dordi Jorunn Halle Torsdag 19. november 2015

Onsdag arrangerte Senioruniversitetet for Indre Nordmøre møte der temaet var flyktningar og framtidshåp. Først orienterte Olav Bergheim om flyktningearbeidet i Surnadal. Bergheim er einingsleiar for vaksenopplæring og integrering i kommunen – denne eininga vart oppretta 1. juni i år. Bakgrunnen for dette er at no er «Busetting av flyktningar ei permanent oppgåve på lik line med andre kommunale oppgåver.» Ein flyktning er ein person som har fått innvilga opphaldsløyve med flyktingestatus i Norge,  da er han altså ikkje lenger asylsøkar.

Per i dag har Surnadal 58 busette flyktningar, av desse kjem 27 frå Eritrea, 22 kjem frå Somalia og fem kjem frå Russland eller nærare bestemt Tsjetsjenia. Av desse er 11 barn, 12 kvinner og 35 er menn. Barna er i barnehage og i skule, og 41 av dei vaksne deltek i introduksjonsprogrammet til kommunen der ei lærer norsk og får kunnskap om norsk samfunnsliv. Heile 24 av flyktiningane tek grunnskulefag for å kvalifisere seg til vidare utdanning for å få yrkeskompetanse. Alle får individuelt tilpassa opplegg, da flyktningane har svært ulik skulebakgrunn frå å ha utdanning på universitetsnivå til ingen skulegang.

I dag står det att å busette fem personar, det er problem å skaffe nok høvelege husvære. Så langt er alle busetting av flyktningar lagt til Skei, men no er det aktuelt med busetting rundt om i heile kommunen.

Når det gjeld busetting av einslege mindreårige flyktningar, er plana og håpet å få til eit samarbeid med Nordmøre folkehøgskule. Det høyrest ut å kunne bli eit godt tilbod til dei unge som kjem hit. For 2016 har kommunestyret gjort vedtak om å busette 21 personar, men talet vil mest truleg bli auka til 27 personar på grunn av den akutte flyktningekrisa. Det er imidlertid ikkje aktuelt med asylmottak i Surnadal.

Når det gjeld busetting, integrering og opplæring av flyktningar, dekkjer statlege tilskott utgiftene, andre kommunale ytingar blir ikkje påverka. Derimot skaper  arbeidet for flyktningane ekstra aktivitet og arbeidsplassar i kommunen. Målet er at dei nye innbyggarane i kommunen vår skal kome i arbeid i løpet av fem år, det krev samarbeid med det lokale næringslivet.  Barnehage, skule, helsestasjon, NAV, kyrkja, lag og organisasjonar er alle viktige aktørar for god integrering seier Olav Bergeheim.

Etter ei interessant og grundig innføring ved Olav Bergheim, stilte fire flyktningar opp og fortalde om heimlandet sitt, eigen bakgrunn og om ønske for framtida.

IMG_7193

Zekerie fortel her om Somalia og ønsket om å bli bilmekanikar. Foto: Dordi J.H.

Først fekk vi møte Zekerie og Nasro frå Somalia, der det har vore borgarkrig sidan 1988, og det er politisk kaos i landet. Gruppa Harakat al-Shabaad som er tilknytta al-Qaida, dominerer framleis store delar av landet og sprer frykt og redsel med terror. Ran, kidnapping, drap og valdtekt er for mange  ein del av kvardagen i Somalia. Zekerie er 26 år og har budd tre år i Norge. Fluktruta hans gjekk via Tyrkia, Hellas, Danmark og  Sverige før han kom til asylmottaket på Sunndalsøra. Han har budd i Surnadal i eitt år og vil søke om å bli elev ved Surnadal vidaregåande skule frå hausten 2016. Målet hans er å bli bilmekanikar. Han er gift, trivest godt i Surnadal, har mange vener og spelar fotball.

Nasro er 28 år, ho er gift og har to barn. Ho kom til Norge i 2012 og kom til Surnadal frå asylmottaket i Meråker. Nasro fortalde om ein god start på livet i ein lykkeleg familie der både mor og far var yrkesaktive, og dei hadde hus og ein god heim. Men etter borgarkrigen starta, mista foreldra jobbane sine og huset, og livet vart utrygt. Ho vil ta norsk grunnskuleeksamen til våren, og plana er å bli sjukepleiar. «Norge er mitt andre heimland, eg trivest godt her,» seier ho. «Barna trivst også godt, dei likar svært godt vinter og snø, men det gjer ikkje eg!»

Senait er frå Eritrea, eit land som også er prega av krig, konfliktar og eit totaliært regime. Ho kom hit til landet i 2013. Militæret er eit stort problem i landet, dei unge – både jenter og gutar må avtene vernepikt, ikkje berre eit år, men kanskje i over 20 år. I Eritrea har militærtenesta inga grense. «Mange av våre flyktar frå landet, og mange døyr i Middelhavet,» seier ho stille. Ho er glad for at ho er vorte så godt motteken i Norge og i Surnadal, og ho  ønsker å skaffe seg utdanning og jobb.

IMG_7198

Frå venstre ser vi einingsleiar Olav Bergheim, Zekerie og Nasro frå Somalia, så Senait frå Eritrea, Khedi frå Tsjetsjenia og så Beate Nes som har ansvar for å lage individuelle program for flyktiningane. Foto: Dordi J.H.

Khedi kjem frå Tsjetsjenia i Kaukasus, ein delrepublikk i Russland. Ho fortalde om heimlandet sitt, om språk, kultur og historie. Men Tsjetsjenia har no eit  eit totalitært styre med terror, mangel på fridom og mangel på menneskerettar. Khedi har fire barn og er utdanna operasjonssjukepleiar. Ho håpar på å lære norsk godt, få praksisplass og bli helsefagarbeidar.

Til slutt takka leiaren i Senioruniversitetet, Helene Nergård, både Olav Bergheim, Zekerie, Nasro, Senait og Khedi for interessante innlegg og grundige orienteringar. Ho poengterte at det er viktig at vi får kunnskap om dei nye som kjem hit til oss, og kvifor dei kjem. Det som skjer, skaper stor aktivitet og er positivt for landet vårt, avslutta ho med.

 

 

Publisert: 19. november 2015, 00:31