Ryddar bustadfeltet
Sollid Skog As er i full gang med rydding av det nye bustadfeltet ved Øygarden på Nordvik. I løpet av eit par-tre dagar er store deler av granfeltet ryddet og etterpå blir det hogst av furu lenger nede i feltet, fortel Roar Sollid som kjørte hogstmaskina da vi var nedom og tok nokre bilder måndag ettermiddag. Dei skal ta ut totalt rundt 1500 m3 og det er ikkje lang hefta med slikt utstyr. Den nye hogstmaskina kostar rundt 4 mill og har ein kapasitet på mellom 25-30 m3 i timen – alt etter korleis skogen og landskapet er.