Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Takk til deg som har besøkt oss..

Jon Olav Ørsal Fredag 1. januar 2016

Todalingar og todalvener er spredd over heile verda – i 2015 har vi hatt besøk på nettsida vår frå heile 120 land. Majoriteten kom sjølvsagt frå Norge, med 399.000 men det er også overraskande mange frå land som USA, Sverige, Tyskland og Spania. Totalt besøkstal i 2015 var 422.265 som er fordelt på over 69.000 unike brukarar. Dette er tal som vi er godt nøgd med, og utgjer ei auke på 12,2 % samanlikna med 2014.

Vi har opplev ein jamn auke gjennom heile året, og slik har det vore heilt frå starten i 2009. I 2015 hadde vi 907 745 sidevisningar og i inneværande år bør vi nok passere ein million for første gong. No står vi framfor eit nytt og spennande år og vi veit alt no at vi får mange spennande saker i tida framover.

Når vi oppnår slike positive tal er det all grunn til å takke både lesarar, medlemar og andre bidragsytarar. Vi har mange som hejlper oss med tips, bilder og på annan måte. Ikkje minst alle dei flotte bileta vi får inn til «dagens bilete». Det er med og gjer nettsida meir interessant og krydrar stoffet på ein fin måte.

Godt nyttår til dere alle, både i inn- og utland!

Publisert: 1. januar 2016, 23:18