Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvanne – Rykkjem er kome i drift igjen

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. desember 2015

Sjølv om det såg idyllisk ut på Kvanne så var det nok atskillig kraftigare vind på Rykkjem – og problem med å legge til kai der. Sterk vind førte til at Solnør brukte lengre tid på å legge til kai og kom dermed ut av rute. Vi tok ein tur til Kvanne i 14.30-tida og da  kom ferja frå Rykkjem med bilar, men var rundt 10 minutt ute av ruta. No i kveld melder Fjord1 at sambandet blir ute av drift resten av kvelden!

Bølger_stangvik_5896

Det var atskillig meir vind i Stangvika, som ligg rett i leia for Litjdalsvind. Foto: Jon Olav Ørsal

No annonserer frå kl 16 annonserer dei normal drift, men tek forbehald om forsenking i rute 46 – Kvanne – Rykkjem.  Det er meldt sterk vind utover dagen og kvelden og det lønner seg nok å være ute i god tid da det framleis kan bli vvanskeleg å halde ruta utover kvelden. Det er nok litjdalsvind som spelar Fjord1 eit puss på Rykkjem, og det bekreftar ein kjapp tur til Stangvika, det det var atskillig meir «vind i segla» –  med høge og kvitskumma bølger utmed Brøske.

 

Publisert: 29. desember 2015, 17:25