Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvit jul, men …

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. desember 2015

Julesnøen kom litt seint, men godt. Natt til 2. juledag er julesnøen komen på plass, med rundt 10 cm tørr og fin snø som lyser opp i landskapet. men ny tyder vêrmeldinga på at vi har fått det vi skal ha av snøvêr i første omgang og det blir fint vintervêr og sørleg vindretning utover neste veke. Først eit par dagar med kuldegrader og så blir det mildare med varmegrader frå tysdag (5. juledag). Blir det slik som yr.no viser så blir det ypperlege forhold til romjulsmarsjen 3. juledag.

Rekordvarme på julaftan
Julaftan var slett ikkje nokon vinterstemning. Jon Bruset, som har gjort private temperaturmålingar sia 1990, registrerte den varmaste julaftan på alle desse 25 åra. Maksimumstemparaturen var denne dagen registrert til 14,6 varmegrader og dermed er den tidlegare rekorden på +13,8 slegen med 0,8 grader.  Men oversikten nedafor viser at det er slett ikkje uvanleg at det er varmegrader på julaftan og sia 1990 er det altså registrert heile 6  målingar på over 10 varmegrader.  Kulderekorden for julaftan er registrert i 2010 med -12,8 grader.

Rekordlista for julaftan på Småhjellan ser slik ut:
2015  + 14,6
1990  + 13,8
2007  + 13,5
2013  + 13,1
2011  + 10,8
1999  + 10,2
2006  + 10,1
Publisert: 26. desember 2015, 13:20