I dag: Lær om poding i arboretet
Laurdag 5. mars tjuvstartar Svinviks arboret 2016-sesongen. Dei trossar vinter og snø og kjører i gang med poding av frukttre . Dersom du er interessert så er det ope for publikum frå kl. 12 – 15. Arboretet får besøk av podemester Per Arne Myraunet frå Frosta som skal hjelpe til med podinga, og det blir høve til å stille spørsmål og så sjå ein erfaren podemester i arbeid.